Jon Gelius sluttar i NRK – vil bli ordførar

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Etter 35 år i NRK forlèt Jon Gelius kanalen. Han er samrøystes innstilt som Høgres ordførarkandidat i Arendal, melder han på Instagram.

Jon Gelius med utsikt over Arendal.

– Det er ei tid for alt. No tek eg fatt på eit heilt nytt kapittel. Eg går frå journalistikk til politikk, skriv han onsdag.

NRK-veteranen har takka ja til å bli innstilt som Høgres ordførarkandidat i Arendal ved kommunevalet neste år.

– Eg er stolt av røtene mine, og håpar å kunne bruke den breie samfunnserfaringa mi til beste for byen eg er så glad i, skriv han.

Karriereskiftet betyr samstundes at Gelius sluttar i NRK. Han skriv at han har søkt om og fått innvilga sluttpakke.

– Det er både rart og kjensleladd å skulle forlate ein arbeidsplass som har vore ein så stor del av livet mitt. Eg har fått oppleve gullalderen til NRK, og eg er djupt takksam for alle moglegheitene eg har fått undervegs, skriv Gelius.

Gelius er særleg kjend som programleiar og nyheitsanker i NRK. Gjennom åra har han mellom anna jobba med Dagsrevyen, Dagsnytt, Dagsnytt 18 og Sommeråpent. Dei siste åra frå NRK Sørlandet.

– No ventar noko heilt nytt. Det er spanande, utfordrande og litt skummelt.

Powered by Labrador CMS