NJ-streik kan skape problem for fleire tv-program
Sjåarsuksessar som Farmen, A-laget, Sommerhytta, Fjellhytta, Forræder, Jon blir bonde, Toll, Maskorama, Reddet og Oslo fengsel kan råkast.
Toll, Sommerhytta og Jon blir bonde kan ryke for tv-kanalane.
Foto: TV 2 / Anton Soggiu / Warner Bros. Discovery
I juni møtast Norsk Journalistlag (NJ) og Virke hos Riksmeklaren, etter at fagforeininga braut forhandlingane tidlegare i mai.
Dersom dei ikkje vert einige, kan NJ sine 74 medlemmar i produksjonsselskapa Strix og Monster bli tekne ut i streik.
– Tåler ikkje streik
Dette kan på ulike måtar gå ut over produksjonar som selskapa leverer til både TV 2, NRK og TV Norge. Nokre av programma er i opptak eller etterarbeid.
– Med planane vi har toler ikkje bedrifta ein streik, slik eg ser det, seier klubb- og streikeleiar David Solbjørg i Strix.
Han forklarer at medlemmane deira er alt frå regissørar, produksjonsleiarar, klipparar og teknikarar.
– Det er nøkkelpersonar i desse produksjonane og grunnmuren i bedrifta.
Ein mogleg streik vil òg råke preproduksjon og utvikling av nye konsept som allereie er selde til kanalane, forklarer han.
– Vi har ein sterk klubb og er klare til å streike, om det må til, seier klubbleiar i Monster, Paal Wilhelm Kuhnle Nesset.
Til Journalisten vil ikkje NJ bekrefte kor mange medlemmar dei planlegg å ta ut i streik, men i fjor trua dei med å ta ut alle.
– Plassfråtreding, som er meldinga om kven som blir tekne ut, blir sendt fire dagar før meklinga blir avslutta, forklarar kommunikasjonsansvarlig Christine Tolpinrud.
Avblåst i tolvte time
Også i fjor måtte Virke og NJ til Riksmeklaren for å få hjelp til å lande ein tariffavtale. Etter tolv timar på overtid kunne streikeplanane skrotast.
Dette var første gong NJ og Virke signerte ein tariffavtale for medlemmar i produksjonsbransjen, ein avtale dei no ville bygge vidare på. Men:
– Virke har vist svært liten vilje til å kome oss i møte, men har snarare ønska å frata oss hardt tilkjempa rettigheiter som kom inn i fjor, seier forhandlingsleiar for NJ, Elin Nykaas.
Ueinigheitene skal gjelde løn, opphavsrett og organisering av arbeidet.
Mål om å bli einige
Virke sin forhandlingsleiar Trond Teisberg seier til Journalisten at forhandlingane har vore krevjande for begge partar.
Både han, Nykaas, Solbjørg og Nesset gjer det klart at dei har mål og forventningar om å bli einige og finne ei løysing hos Riksmeklaren.
Meklinga der skjer 1. og 2. juni. Dersom dei ikkje lukkast, kan det bli streik allereie frå 3. juni.
Til opplysning: Journalisten er eigd og gitt ut av Norsk Journalistlag.
Nylige artikler
NJ-streik kan skape problem for fleire tv-program
Foreslår dobbeltstemme til PFU-møteleder – men PFU går imot
Følg debatten: PFU-endringer under lupen
Svaret på journalistens innsynsklage gikk til avisas Altinn-konto: – Unødvendig å holde på sånn
Millionbutikk fra kjøkkenbordet: – Vi gjør alt sjæl
Mest leste artikler
Millionbutikk fra kjøkkenbordet: – Vi gjør alt sjæl
DN-ansatte om konsernledelsen: «Råtten», «umoralsk», «ynkelig» og «forkastelig»
Farvel med en mektig og fargerik fagforeningsleder
Skyhøy digitalvekst for Klassekampen
Diktat i Altinget: Lokal lønnsøkning på 14.500 kroner over to år