Produksjonsselskapet Strix lagar alt frå Charterfeber og Farmen til Leo og de farlige. I den siste episoden av Journalistens podkast fortel teknisk leiar David Solbjørg at presseetikk står høgt også i tv-underhaldninga.
– I aller høgaste grad. Vi er til dømes opptekne av tilsvarsrett og den typen ting, viss nokon kjem med ein påstand mot ein annan, til dømes. Vi har god presseetisk kompetanse mellom dei ulike produksjonane, seier Solbjørg.
Psykologvurdering
I episoden forklarer han korleis seriar blir selde inn til tv-husa, kva som går føre seg på sett, kva slags hemmelegheiter dei har og korleis alt blir planlagt. Er det til dømes litt regi på Farmen? Castingprosessen og korleis ein følgjer opp deltakarar er òg tema.
David Solbjørg er klubbleiar i StrixFoto: Espen Moe Breivik
– Når vi avgjer kven som skal vere framfor kameraet, så gjer vi det først basert på kven vi meiner er gode kandidatar. Så er det ein ny runde med psykolog, som vurderer kor rusta den enkelte er til å stå i situasjonen. Både før, under og etter. Då er det veldig mange som ofte blir skrella bort.
Solbjørg forklarer dette som ein streng prosess, og ei reell risikovurdering.
Det har tidlegare vore omtalt dødsfall og sjølvmord blant menneske som har delteke i reality på tv. Medvitet på dette området skal vere større i produksjonsbransjen no enn då dei første sesongane av Big Brother gjekk på tv.
Annonse
Klipt annleis?
Eit kjent fenomen, i alle fall noko mange realitydeltakarar snakkar om, er at ein opplever seg klipt om eller framstilt annleis på tv.
– Det er jo eigentleg eit psykologspørsmål, men eg har høyrt det forklart som at vi alle har ei oppleving av kven vi er, samtidig som du her kan bli møtt med eit meir objektivt syn på korleis du handterer ulike situasjonar. Det kan vere eit brot med di eiga oppfatning, og ein tung smell for mange, seier Solbjørg.
– Du er plutselig sett i ein annan situasjon, ei boble, med mulig stress og uvisse, der du heile tida blir filma. Det er viktig at ein har god psykisk helse for å tole den påkjenninga, utdjupar han.
Drama i bransjen
Solbjørg er òg klubbleiar for medlemmene av Norsk Journalistlag i Strix. Fagforeininga braut nyleg forhandlingane med Virke, noko som potensielt kan få konsekvensar for ei rekkje folkekjære tv-program på TV 2, TV Norge og NRK, dersom det blir streik.
NJ hevdar at arbeidsgivarorganisasjonen ville gå tilbake på ei rekkje punkt som dei fekk kjempa gjennom i den historiske tariffavtalen i fjor. Virke skildrar forhandlingane som utfordrande for begge partar.
Annonse
Regi på Farmen?
Tøffe arbeidsforhold, med lange dagar, mykje opptak og mellombelse stillingar er noko klubbleiaren fortel meir om i podkastepisoden.
Her fortel han òg meir om kva som eigentleg går føre seg før, under og etter ei tv-innspeling. For er det eigentleg regi på Farmen?
Høyr podkasten no (og der du høyrer podkast):
Til opplysning: Journalisten blir gitt ut av NJ. Redaksjonen er uavhengig.
Nylige artikler
Følg PFU-møtet direkte
Bevisst på «realitysmell»: – Mange blir skrella bort
– Bedre at de velter gørra ut på Facebook enn i gatene, sier Hans Rustad om rasistisk kommentarfelt
VG saksøkt: Stålsetter seg for skyhøye sakskostnader
Rune Valderhaug til minne
Mest leste artikler
Oppsigelsessak i NRK havner i retten
VG saksøkes av storkonsern etter innsynsklage: – Veldig overrasket
NJ-streik kan skape problem for fleire tv-program
Altinn-svar florerer: – En uting
VG saksøkt: Stålsetter seg for skyhøye sakskostnader