Betaling for journalistikk: – Vi har vore litt arrogante

Journalist og forfattar Ole Morten Orset meiner norske medium må bli flinkare til å vise publikum kvifor journalistikken er verd å betale for. Samstundes trur han alternative finansieringskjelder vil bli stadig viktigare.

Ole Morten Orset vil lage tydelegare retningslinjer for mediene når det gjeld å ta imot pengestøtte.
Publisert
Lesetid: 2 min

– Eg trur vi har vore litt sånn arrogante, journalistar og redaktørar, seier Ole Morten Orset i Journalistens podkast.

Den mangeårige journalisten, som er busett i Washington D.C., har skrive boka «Gavejournalistikk – skjult sponsing eller gode hjelpere?». Der har han undersøkt korleis journalistikk blir finansiert, både i Noreg og internasjonalt.

Orset meiner norske medium har mykje å lære av aktørar i utlandet, som ser etter fleire finansieringskjelder enn annonser og pressestøtte.

Han trekkjer òg fram kor viktig dialogen med dei som betaler for journalistikken er, og at publikum eller gjevarar må få sjå verdien av å betale for journalistikk.

– Verd å betale for

Orset meiner redaksjonane ikkje utan vidare kan vente at publikum forstår kva som skil redaktørstyrte medium frå andre informasjonskjelder. Han meiner mange ikkje har eit klart bilete av skilnaden mellom journalistikk, der informasjon er kontrollert og verifisert, og anna innhald som blir publisert på nettet.

– Det trur eg både er eit problem og styrken til journalistikken.

Difor meiner han redaksjonane bør bli flinkare til å vise fram korleis journalistikken blir til.

Han trekkjer fram redaktørar som skriv nyheitsbrev til lesarane, og journalistar som forklarer journalistiske og presseetiske vurderingar, som gode døme.

– Då skaper vi tillit. Då skaper vi ein slags dialog.

Ein dialog som òg kan vere verd å betale for, meiner han.

Trur risikoen for kutt er reell

I boka tek han til orde for at norske redaksjonar bør utforske fleire finansieringskjelder enn tradisjonelle abonnement, annonseinntekter og offentleg pressestøtte.

Han understrekar at han meiner den norske finansieringsmodellen i utgangspunktet er god. Likevel peikar han på at den politiske viljen til å finansiere journalistikken kan endre seg.

– Det trur eg er heilt reelt. Ein kan nok ikkje rekne med meir pengar ved eit regjeringsskifte, seier han.

Han meiner samstundes det er grunn til å diskutere korleis dagens støtteordningar er innretta, og viser til at enkelte mediehus får store summar, medan dyktige frilansjournalistar slit med økonomien.

– Kanskje kunne ein ha, ikkje kutta, men brukt ein liten ostehøvel på toppen der, og så ikkje berre støtte dei som publiserer, men òg dei som produserer.

– Pengane finst

Orset trur gåver og donasjonar kan bli ein større del av finansieringa av norsk journalistikk.

I USA har fleire redaksjonar utvikla modellar der både velståande gjevarar og vanlege lesarar bidreg økonomisk. Han trekkjer mellom anna fram The Guardian og nisjemediet The 19th.

– Eg trur at pengane finst. Det er det eg prøver å seie.

Men ein modell som fungerer i éin marknad, fungerer ikkje nødvendigvis i ein annan. Han trekkjer òg fram erfaringar frå USA som viser at store pengegåver åleine ikkje er nokon garanti for å lukkast.

– Det er ikkje nok å berre ha pengar. Du må kunne produsere eit produkt som er interessant for dei du prøver å nå.

Må gjere seg fortent til støtta

For Orset handlar alternativ finansiering difor om meir enn å finne nye inntektskjelder. Media må òg overtyde publikum om kvifor journalistikken er viktig.

– Det hjelper jo ikkje om du er veldig god og skriv mange gode saker dersom folk ikkje får lese dei, eller ikkje har råd til å lese dei.

Sjølv om han ser store moglegheiter i gåvejournalistikken, understrekar han at ein ikkje kan setje det journalistiske sjølvstendet på spel.

– Vi kan ikkje risikere omdømme eller andre ting fordi vi får eit par sølvpengar. Vi må gjere det skikkeleg.

I Journalistens podkast diskuterer Orset kvar grensene går mellom støtte og påverknad, om norske redaksjonar bør ta imot pengar frå milliardærar, bedrifter eller organisasjonar, og kvifor han meiner bransjen treng nye spelereglar.

Høyr heile samtalen i Journalistens podkast:

Følg Journalistens podkast på Spotify, iTunes, YouTube eller Podme.

Powered by Labrador CMS