Blog:
Journalistpraksisen er i gang
Studentane er i sving med fyrste praksisperiode. Tysdag ettermiddag hadde me redaksjonsmøte i Brostein, vårt nyheitsmedium som blir lansert i slutten av veka.
Studentane er i sving med fyrste praksisperiode. Tysdag ettermiddag hadde me redaksjonsmøte i Brostein, vårt nyheitsmedium som blir lansert i slutten av veka.
Studentane skal øva på å laga nyheiter, kultur og sport, og skal sørga for ei god blanding av nyheitssaker, reportasjar, notisar, anmeldelsar, enqueter og portrett.
I denne praksisøkta er ikkje poenget å finna på noko nytt og fancy på internett, men å driva med erketradisjonell norsk journalistikk. Me skal laga ei regionsavis med Bergen som dekningsområde, og me hermar difor ganske kraftig etter Bergens Tidende og Bergensavisen. Brostein er ikkje ei studentavis. Studentar er ein marginal del av offentlegheita i Bergen, og både pensjonistar og uføretrygda utgjer ein viktigare del av lesargrunnlaget vårt.
Fordi det er 18 studentar i denne gruppa har me ikkje mangel på arbeidskraft (i motsetnad til den verkelege mediebransjen). I dag lagde me ei prioritert liste over saker, og fordelte ansvar for skriving og fotografering. Me har førebels 29 saker under arbeid, og alle skal vera ferdige på fredag ettermiddag.
Eg kan avsløra at me arbeider med kritisk journalistikk om Skyss sine billettsystem for Bybane og bussar, om dei er tilstrekkeleg førebudd på vinteren (når snøfall og kulde lagar trøbbel både for mekanikk og elektronikk), forslumming i Bergen pga. studentar, og næringslivet i Bergen si (manglande) tru på lokasjonsmedier.
På kulturfronten ynskjer me å laga portrett med Vibeke Løkkeberg som har filmlansering, og er ein interessant Bergensprofil. Me skal også anmelda ”Min Famile” på Den Nationale Scene, torsdagskonserten i Grieghallen, og skriva om kystsogevekene til fremjing av kystkulturen på Vestlandet.
Me har sjølvsagt også sport, med spesiell dekning av hatoppgjeret mellom Brann og Rosenborg på søndag.
Etter grudig diskusjon har me kome fram til at alle desse sakene forsvarer sin plass i ein profil som legg vekt på Bergen og omland.
Neste skritt er at studentane må gjera grundig research og finna ut kor godt hold det er i ideane våre. Det er redaksjonsmøte onsdag morgon, og oppdatering følgjer.