Blog:

Kor lett er det å laga journalistikk?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Eg tippar at dei fleste lesarane av Journalisten.no er i tredveåra eller eldre. Eg er 41 år, og hugsar ikkje så godt korleis det var å vera tjue. Kor mykje forsto eg av korleis offentlegheita og journalistikken fungerte? Hmm.

Men i fire dagar no har eg laga nyheitsjournalistikk saman med studentar i tjueåra, og har lært litt om korleis dagens tjueåringar tenkjer og jobbar. Eg vil bruka studentane sine arbeid som målestokk for kor vanskeleg (eller lett) det er å laga journalistikk.

Tjueåringane på mitt kurs er skriveføre. Påstandar om at SMS og chat har øydelagt grammatikkforståinga finn inga støtte i deira arbeid med å skriva journalistiske tekstar for øvingsmediet Brostein. Dei har nok ein del orddelingsfeil som er inspirert av engelsk, slik som ”miljø stasjon” og ”Bybane billettar”, men ellers er alt i orden når det gjeld generell formuleringsevne, metaforbruk og setningsbygnad. Dette kan tydeleg sjåast i mange av artiklane som er publisert på Brostein i løpet av fredagen.

Studentane klarar også å ta anstendige pressebilete. Hugs at dei har ca. ei vekes video- og fotokurs i ryggen, og det er ikkje mykje. Mange er ytterst bevisste på å komponera eit motiv, og å ta bilete frå mange vinklar, og med ulike innstillingar. Ganske få kan ta eit godt personbilete, men det er også noko av det vanskelegaste å få til. Her vert det ofte litt kjedelege bilete av fjes, eventuelt sit personen i ein stol ved ein pult.

Det viktigaste me trener på er naturlegvis den journalistiske arbeidsprosessen. Nokon av blei stressa av å skulla ringa til potensielle intervjuobjekt, og dei fleste måtte gå ut på gangen slik at dei var åleine då dei ringte. Dei var flinke til å oppsøka folk og stader i Bergen. Dei var ikkje blyge, og drog på konsertar og offentlege arrangement, ekspedisjonar og kommunekontor, og til Håkonsvern marinebase for å snakka med ein admiral.

Noko gløymte å spørja om navnet på personar dei tok bilete av. Men i sum klarte studentane fint å skaffa relevant informasjon til sakene dei jobba med, og sjekka ut ein del saker som viste seg å ikkje ha livets rett.

Det er ikkje lett å laga ein slagkraftig journalistisk tekst etter prinsippet for ein omvendt pyramide, og det var veldig få som hadde ei intuitiv forståing av denne måten å skriva på. Mange hadde også problem med prinsippet om at sitatstreken tillet ei fortolka framstilling av kva intervjuobjektet sa, og prøvde å notera kvart minste element i det som vart sagt slik at det skulle bli rett.

Overskrifter er kanskje det vanskelegaste av alt. Ingen klarte å laga skikkeleg gode og slagferdige overskrifter etter tabloid målestokk frå BA, VG og liknande, og her måtte det mykje diskusjon og ordleik til før dei var nokolunde akseptable. 

Min konklusjon er at dagens tjueåringar tenkjer og jobbar meir enn godt nok til å laga journalistikk. Etter berre fire dagar meistra fleire studentar denne tenkje- og skrivemåten på ein overtydande måte. Det er lett å laga journalistikk, men det også er lett å skilja mellom dei som har eit sjølvstendig, bevisst forhold til den journalistikken dei lagar, og dei som fyrst og fremst gjer som dei får beskjed om.

Powered by Labrador CMS