Suppoerterskjerf, viking- og cowboyhattar, bodyflags og skumgummifingrar med VG-logo. Samt studio på Aker Brygge. Det er ikkje berre NRK og TV 2 som har gjort «viktige» investeringar under VM.
– Det er den største investeringa vi har gjort på veldig lenge. Det er eit stort volum, seier marknadssjef i VG, Hilde Gammelsæter.
VG har inntatt Lekter'n.Foto: Gisle Oddstad / VG
Mediehuset har i år eit samarbeid med Lekter'n på Aker Brygge, der dei har vist kampar og hatt sitt eige sportsstudio.
Merch har blitt delt ut der, på Rådhusplassen, på festivalar, på turné rundt om i Noreg og gjennom ulike sponsoraktivitetar.
God trafikk under VM
I motsetnad til dei opphavlege draktene, som har blitt selde for fleire tusen kroner, er effektane frå mediehuset heilt gratis.
– For VG er det viktig å vere på den folkelege sida. Folk elskar merch, og det verkar samlande, seier Gammelsæter.
– Det er jo ikkje de som viser kampane. Kvifor tek de likevel så stort eigarskap til meisterskapen?
– VG er «second screen». Vi ser at vi har god trafikk under sendingane, og at han toppar seg i pausane og mellom kampane. Då ønskjer vi å vere til stades med innhald, seier ho.
Gledesrus på VM-visning.Foto: Gisle Oddstad / VG.
– Vi er opptekne av å vere limet i folkefesten og ein del av leirbålet. Dette er det største leirbålet på lenge, som samlar nordmenn. Det har nok vore etterlengta i ei tid med mykje uro i verda. No ser vi folk gå rundt i gledesrus, seier Gammelsæter.
– Kva verdi har dette for mediehuset?
Annonse
– Det er for tidleg å seie noko om, men vi ser gode trafikktal om dagen. Det er fint å vere synleg og skilje seg ut, og spennande å gjere dette på vår måte.
Nøyaktig kor mykje pengar mediehuset har brukt, eller kor mykje merch som er delt ut, ønskjer ho ikkje å dele med Journalisten.
– Vi har køyrt på mykje og har måtta rasjonere litt innimellom, men vi har framleis litt att å dele ut i helga, seier ho.
Effektane til VG er produserte i Kina. Ifølgje marknadssjefen har mediehuset hatt eit tydeleg etisk fokus i produksjonen.
– Vi har følgt retningslinjene i Schibsted og valt sertifiserte fabrikkar. Dette har vore planlagt i mange månader, og vi har brukt eigne agentar for å få til produksjonen under gode og trygge forhold i Asia, seier ho.
Nylige artikler
Redaksjonen må eie arbeidsflyten, ikke bare testen
Fagblad rammes av kutt i statsbudsjettet: – Overraskende
Derfor startet Norsk Redaktørforening Rustad-sak i juni
Noen nye svar i jakten på Austin Tice
Kjære idioter
Mest leste artikler
TV 2 endret aldersgrense på Forræder-episode
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
NRK vil kutte i researchtilbud
Disse har fått sluttpakke i NRK