Folk er sikkert leie, men sidan Jørgen Lorentzen insisterer på å halda saka gåande: Korleis går det med klaga hans i Pressas Faglege Utval? Fyrst eit minikurs: I Om artenes opprinnelese skriv Charles Darwin i kapitlet med tittelen «Seksuell seleksjon»: «Seksuell seleksjon avhenger ikke av kampen om tilværelsen, men av kamp mellom hannene for besittelse av hunnene, resultatet er ikke død for den uheldige konkurent, men få eller ingen etterkommere.» Darwin meinte vidare at seksuell seleksjon var ei form for naturleg utval, altså at organismane som er best tilpassa eit gjeve miljø, er dei som overlever og får mange etterkomarar med dei same heldige eigenskapane som dei sjølve.
I boka The Decent of the Man streka Darwin under gong etter gong at denne prosessen òg galdt menneska, og han insisterte på at skilnadene mellom menneske og andre primatar når det kom til mentale skilje og seksuelle preferansar, ikkje var fundamentale, men handla om gradsskilnader. Som Desmond og Moores skriv i den glitrande biografien Darwin: «Darwins tankar var heile tida meinte som ei forklåring av samfunnet.» Evolusjonsteori er både samfunnsteori og biologi.
Lorentzen klagar på to grunnlag: For det fyrste meiner han at han har vorte klipt i stykke og at han gjentekne gonger hevda at han var ein sterkt støttespelar for evolusjonsteori og at den òg gjeld for menneska, og at han som litteraturvitar i grunnen ikkje kan uttala seg om biologi. For det andre meiner han at han har vorte lurd inn i programmet på falske premissar – hadde han visst at utanlandske toppforskarar skulle uttala seg om det han sa, ville han ha vore mykje meir nøyaktig og presis.
Vel, i den klipte versjonen av «Hjernevask» (den sekvensen han ser ut til å reagera mest på, er på eitt minutt og er ikkje klipt) seier han at det ikkje er andre skilnader mellom kjønna enn det som har med rein forplanting å gjera. Dette har han sagt mange gonger før og for den del etterpå – til dømes i eit intervju med Dagens Næringsliv 29.03.2008:»– Hva er forskjellen på kvinner og menn? – Biologisk er forplantningssystemet den eneste forskjellen, sier Lorentzen.» Då vert spørsmålet om det var rett av Harald Eia og medprodusenten Ole-Martin Ihle og klippa ut dei bitane der Lorentzen var positiv til biologi og evolusjon? Faktum er at Lorentzen har teke to gjensidig utelukkande posisjonar. Han kan ikkje både seia at han trur på evolusjonsteorien og samstundes seia at det berre er forplantingssystemet som er skilnaden mellom kjønna. Evolusjonsteorien gjeld også for det som er over halsen, om ein ikkje trur det er systematiske skilnader mellom kjønna i kjensle- og tankelivet, så trur ein ikkje på evolusjonsteorien.
Eg vil faktisk meina at Eia og Ihle gjorde Lorentzen ein teneste, han stod fram som mindre rørete i deira versjon enn kva den samla råtapen viser. Lorentzen meiner det han meiner i den ferdige versjon.
Litt sterkare står Lorentzen å sjå til i den delen som går på at han vart lurt inn i intervjuet på falske premissar. Som det står i paragraf 3.3i Ver vasam-plaktaten: «Det er god presseskikk å gjere premissane klare i intervjusituasjonar og elles i høve til kjelder og kontaktar.» Men kva tyder eigentleg dette? Er det til dømes rett å intervjua ein litteraturvitar om biologi og kjønn? Vel, til det er det å seia at Lorentzen nettopp forskar på kjønn i samfunnet og vert finansiert av den samfunnsfaglege delen av Forskingrådets budsjett, ikkje den litterærvitskaplege. Vidare har han skrive eit heilt kapittel om biologi i grunnboka som studentane nyttar.
Var det så rett ikkje å fortelja han at andre òg skulle verta intervjua? Heller ikkje her ser eg at han kan nå fram. Det står journalistar og må stå journalistar fritt å intervjua den dei vil om påstandar som andre har kome med. At Lorentzen seier at han ville ha vore mykje meir presis om han hadde visst dette, er hans eige problem. Det er dessutan eit merkeleg utgangspunkt å ha: «Når eg vert intervjua på NRK, er eg mykje meir upresis enn eg elles ville ha vore.»
Konklusjon: Lorentzens klage bør enkelt og greitt avvisast. PFU har ei enkel oppgåve framføre seg.