Lindebotten svarer kritikerne

Vanskelig å få majonesen inn i tuben igjen, skriver BT-journalisten som kalles inhabil.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Eg har nokre merknader til det som har kome fram dei siste dagane om BT si dekning av Bybana og mi rolle i dette. BA hadde kjempeoppslag om dette laurdag 8. november og fylgde opp sundag 9. og måndag 10. november.

Når det fyrst skulle vera tabloid, har eg ingen grunn til å klaga over måten BA har behandla saka på.

Ubudd

Utgangspunktet for denne historien er ei masteroppgåve i medievitskap skriven av Ingrid Milde. Temaet var BT si dekning av bybanesaka i Bergen på bakgrunn av mange klager frå motstandarar av bybana. Desse meinte at BT var einsidig for Bybana og at John Lindebotten var den verste av alle.

I oppgåva seier eg, ærleg nok, men kanskje taktisk dumt, at eg heile tida har vore for Bybana i Bergen.

Eg går også god for at ordet «propaganda» kan vera dekkande for eitt enkelt oppslag som eg har skrive om saka.

I ettertid er det minst ein viktig lærdom å dra av dette: Møt aldri ubudd til eit intervju. Det er viktig å gjera heimeleksa. Eg godkjende ordet «propaganda» brukt om oppslaget med Anna Elisa Tryti 3. februar 2003. Der skisserer ho ein visjon for ei bybane med greiner mot sør, mot nord og mot vest.

Majones

Ein titt i arkivet syner at det under denne saka er ei undersak der professor i geografi, Michael B. Hageberg, riv Tryti sin visjon i filler. Det var ikkje i tankane mine då eg vart intervjua. Hadde eg hugsa på det, ville eg aldri brukt ordet «propaganda» om dette oppslaget. Men eg skjønar at det er vanskeleg å få majonesen innatt i tuben.

I BA måndag 10. november klagar Kjell Werner Johansen frå TØI over at BT misbrukte informasjon om ei samfunnsøkonomisk analyse så langt attende som i 1993. Det galdt rangering av ulike typar kollektivtilbod, der eit forbetra busstilbod kom ut som det beste. BT skal ha fokusert på at bybane var rangert betre enn det busstilbodet som då fanst i Bergen.

Eg har leita fram og attende i arkivet frå 1992 til 1995 og finn ingenting om noko slikt der Kjell Werner Johansen er involvert. Men 17. januar 1993 har BT eit oppslag skrive av underteikna der konsulentfirmaet Nybro-Bjerck har vurdert ulike alternativ på strekningen Bergen sentrum-Flesland. Nybro-Bjerck konkluderer med at «et godt utbygget bussystem vil være mer fleksibelt og alt i alt gi de reisende bedre transportservice enn en bybane».

Nybro-Bjerck har og rekna ut at ei bybane vil gå med 17 millionar kroner i årleg underskot.

MetroBuss

I same BA-oppslaget frå måndag 10. november er Kjell Werner Johansen misnøgd med måten eg presenterte utrekningane hans omkring Gaia Trafikk sitt opplegg med MetroBuss. – Vi så tydelig at MetroBuss ble fremstilt som et dårligere alternativ enn Bybanen, seier Johansen til BA.

Oppslaget sto i BT 7. april 2005. Tittelen lyder slik: MetroBuss 30 mill. billigere enn bybanen (årlege driftsutgifter) I oppslaget intervjuar eg Kjell Werner Johansen, som får utdjupa sitt syn på tilhøvet mellom MetroBuss og bybane. Ingen som les oppslaget kan forstå det slik at MetroBuss vert framstilt som dårlegare enn bybane. Kjell Werner Johansen sin konklusjon om MetroBuss vart omtalt på nytt dagen etter i eit oppslag om Høgre sitt dilemma i bybanesaka.

Journalist Anders Haga i BA bad meg om kommentar til Kjell Werner Johansens påstand sundag kveld. Eg svarde slik det er sitert i BA, at eg var utan tilgang til arkivet og hadde for dårleg minne om dette.

Så der for den majonesen og…

Arkivjakt

Etter leiting i mediearkivet har eg under mi byline funne eit tjuetals saker frå 2002 og framover som er anten skeptiske til Bybana, går beint i mot Bybana, slaktar økonomien i Bybana eller framhevar ulike bussalternativ som betre enn Bybana.

Eg er usikker på om lista er utfyllande, men der finst garantert fleire saker med liknande vinkling frå alle dei andre journalistane som har arbeidd med Bybana i Bergen frå ca. 1990 og utover.

Når det gjeld mi haldning til Bybana, så står eg ved det som framgår av Ingrid Milde si masteroppgåve, og som er gjeve att i BA.

Powered by Labrador CMS