«Eg vil gi ros til redaksjonen i Trønder-Avisa for god journalistisk dekning ovanfor alle politiske parti i Trøndelag», skriv Karl M. Buchholdt.
Foto: Katrine Geard
Debatt:
Aukar Senterpartiet makta i Trønder-Avisa?
Prinsipielt er det uheldig at dei fleste representantane for majoritetseigaren sitt i styret på grunn av si tilknyting til eit politisk parti.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
- Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.
Aukar Senterpartiet makta i Trønder-Avisa? Det spørsmålet stiller eg etter at selskapet hadde generalforsamling onsdag 22. juni. I denne generalforsamlinga blei tre representantar frå eit av dei tidlegare eigarselskapa skipa ut frå selskapsorgana i mediekonsernet.
Konsernet Trønder-Avisa AS eig i dag mange lokalaviser i Trøndelag, medan hovudeigaren i Trønder-Avisa AS er selskapet AS Nord-Trøndelag. Bak AS Nord-Trøndelag står ei rekkje med medlemmar i Senterpartiet. Vidare sitt mesteparten av dei tillitsvalte i selskapet der på grunn av si politiske tilknyting til nettopp same parti.
Eg vil gi ros til redaksjonen i Trønder-Avisa for god journalistisk dekning ovanfor alle politiske parti i Trøndelag. Men prinsipielt er det uheldig at dei fleste representantane for majoritetseigaren sitt i styret på grunn av si tilknyting til eit politisk parti. Styreleiar Kolbjørn Almlid i Trønder-Avisa er ein kjent Sp-veteran i Nord-Trøndelag.
Vidare er tidlegare fylkesråd for Senterpartiet og tidlegare varaordførar i Steinkjer Anne Irene Myhr leiar i generalforsamlinga i Trønder-Avisa AS, og denne generalforsamlinga vel styret i mediekonsernet.
Majoritetseigaren AS Nord-Trøndelag endra nettopp styret i selskapet. I ei kunngjering i Brønnøysundregistra 14. juni vart styret endra frå tre til fem faste medlemmar. Er det desse fem styremedlemmane som no skal utgjere det nye styret i Trønder-Avisa saman med Per Axel Koch frå Polaris Media og representantar frå dei tilsette?
Auka politisk påverknad i styrearbeidet i Trønder-Avisa representerer ikkje ei ønskja utvikling. Eg vil derfor spørje Anne Irene Myhr som er leiar i generalforsamlinga i Trønder-Avisa: Kven er dei nye representantane frå AS Nord-Trøndelag i styret i Trønder-Avisa? Og er det slik at Senterpartiet skal fortsetje med å styrkje eigarskapet sitt over media i Trøndelag?
Nylige artikler
Forsvarer rettstegnerne i Høiby-saken: – Gjør en viktig jobb!
17 kjappe
Første uke i tingretten: Stille i stormen
Svensk avis melder at Aller er i ferd med å bli solgt – avvises blankt av Aller-sjefen
Nordlys-redaktøren tilbake – er fremdeles inhabil
Mest leste artikler
Nettavisen avpubliserte «Starstruck»-video etter hets mot 19-åring
NRK misfornøyd med å være «overredaktør» i Høiby-rettssaken
Var PFU på feil klode i møte med Thomas Seltzers univers?
Epstein-dekning: – Må nærmest tvinge folk til å få seg litt søvn
– Jeg satt på masse informasjon om Marius Borg Høibys narkomisbruk