– Som nynorskbrukar i Troms, har eg følt meg nokså einsam

Roger Aarli-Grøndalen
nyhetsstudio

Sigrid Agnethe Hansen i NRK Troms er tildelt Kultur- og likestillingsdepartementet sin nynorskpris for journalistar 2026.

– Dette er verkeleg den største æra eg kunne ha fått. Eg blei så utruleg overraska og glad. Det er kanskje første gong nynorsken har fått meg til å grine, seier Hansen.

Juryen trekkjer fram at ho skriv engasjerande og spenstig på eit nynorsk som «flyt lett og kling sterkt», og peikar på at ho opnar døra for meir nynorsk i redaksjonen. Særleg i Nord-Noreg er det behov for fleire nynorskstemmer, meiner juryen.

– Som nynorskbrukar i Troms, har eg følt meg nokså einsam. Men eg har utruleg mykje god hjelp av kollegaer som også har nynorsk som arbeidsspråk, seier Hansen.

Ho skildrar valet av målform med eit bilete: 

– Når folk spør meg om kvifor eg skriv nynorsk, illustrerer eg det med eit trøorgel og eit flygel. For meg er bokmål trøorgelet, nynorsk er flygelet. Melodien, flyten og måten det kjem til meg på er som musikk nesten kvar gong.

Distriktsredaktør Håkon Grønbech rosar prisvinnaren.

– Sigrid er ein svært viktig nynorskambassadør for redaksjonen vår, og ein journalist som utmerkjer seg med ein strålande penn og godt språk.

Prisen har vore delt ut sidan 2006 og går til ein journalist som har utmerkt seg med levande og godt nynorsk i norske medium. 

I fjor gjekk prisen til Olav Johannes Bøthun og Tor Folgerø i Hallingdølen. Årets prisvinnar er den første frå eit distriktskontor i NRK.

Prisen er på 75.000 kroner og blir delt ut under Dei nynorske festspela i Aasentunet 12. juni.

Powered by Labrador CMS