No kan du chatte med avisarkivet

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Amedia-avisene i Finnmark har lansert ei ny KI-teneste som gjer det mogleg for abonnentar å søkje, oppsummere og stille spørsmål direkte til det over hundre år gamle avisarkivet.

Løysinga er trena på arkivmateriale som for nokre av avisene strekkjer seg tilbake til starten av 1900-talet.

Arne Reginiussen, Amando Abreu og Stian Eliassen.

– Vi flyttar arkivet frå å vere ein passiv database til å bli ein interaktiv samtalepartnar. Det gjer lokalhistoria langt meir levande og tilgjengeleg for abonnentane våre, seier utviklingsredaktør Stian Eliassen.

Lesarar kan mellom anna finne fram til gamle avissider og få oppsummeringar av historiske hendingar.

M24 har testa tenesta, som ikkje klarte å svare dei på kven som er ansvarleg redaktør i avisa.

– Spør du om notida, så kan noko vere utdatert, seier ansvarleg redaktør Arne Reginiussen til Journalisten.

– Kan de vere sikre på at KI-modellen ikkje finn på informasjon?

– Ja, modellen er tydeleg instruert i å kun hente info frå det faktiske arkivet, og skal ikkje blante inn noko anna enn det som er der.

Han forklarer at modellen likevel ikkje er komplett med all data frå arkivet enno, og at dei framleis vil halde fram med testing og forbetring etter lansering.

– Det er eit søkeverktøy, ikkje ein fasit. 

Tenesta er ein del av prosjektet «Vidar AI», som har fått 1,5 millionar kroner i støtte frå Medietilsynet. Fram til no har prosjektet i hovudsak vore retta mot interne verktøy for redaksjonane, men arkivchatten er den første større KI-løysinga som blir gjort tilgjengeleg for abonnentane.

– Vi har allereie gjort store endringar i avisenes interne arbeidsflyt gjennom automatisert nyheitsovervaking av ei rekkje kjelder. Men det som skjer i dag er ekstra kjekt, for no rullar vi ut den første store oppgraderinga som blir direkte synleg og tilgjengeleg for brukarane våre, forklarer Reginiussen. 

Powered by Labrador CMS