Reagerer på Schibsted-bonusar

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Schibsteds konsernsjef Siv Juvik Tveitnes fekk totalt 8,7 millionar kroner i lønn, bonus og andre ytingar i 2025. Samla fekk konsernleiinga på tolv personar 67 millionar kroner, der 20 millionar var bonusar, skriv Klassekampen.

Dei viser til Schibsteds årsrapport. Kampanje omtalte lønnsnivået først.

Millionane renn inn for Siv Juvik Tveitnes i Schibsted.

Klubbleiarar i fleire Schibsted-medium reagerer på bonusane etter at konsernet kutta om lag 350 stillingar i fjor.

– Dei pengane kunne heller blitt brukte på å behalde kollegaene våre, seier klubbleiar Cecilia Vaccari i svenske Aftonbladet til Klassekampen.

Bonuspakken til Tveitnes skal ha vore på 3,6 millioner.

Klubbleiar i Bergens Tidene, Erik Fossen seier til avisa at dei merkar godt at flinke kollegaer er borte.

Klubbleiar i Aftenposten, Kristjan Molstad etterlyser meir informasjon om korleis bonusane vert beslutta.

Styreleiar Kjersti Løken Stavrum forsvarar ordninga. Ho seier bonusmodellen er vidareført frå tida Schibsted var børsnotert, og at konsernet må tilby konkurransedyktig avlønning.

Powered by Labrador CMS