Åtvarar mediehusa: – Må forhandle med KI-selskapa no

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio

Mediebransjen risikerer å måtte innrette seg etter spelereglane til teknologiselskapa dersom ein ikkje sjølv tek kontroll over korleis journalistikken skal brukast av kunstig intelligens.

Den indiske KI-eksperten Sannuta Raghu på Nonas årskonferanse

Det åtvara den prisbelønte indiske journalisten og KI-produktsjefen Sannuta Raghu om under Nonas årskonferanse på Pressens hus i Oslo tysdag.

– Vi har høve no til å designe korleis dette skal sjå ut. Heller enn å vente på at techgigantane bestemmer dette for oss må vi forhandle no. Om ikkje må vi leve med kva enn dei kjem fram til.

– Bruken av journalistikk vil endrast

Ho meiner KI først og fremst vil endre korleis publikum får tilgang til journalistikken, ikkje nødvendigvis sjølve journalistikken eller korleis den er produsert.

– Dagens bruk av medier er at ein oppsøker ein app, ei nettside, ein nyhetsaggregator, ei fysisk avis og så vidare. Måten vi produserer innhaldet på vil vere den same, men måten det brukast på vil forandre seg, seier no.

Raghu leier KI-arbeidet i den indiske nettavisa Scroll.in og har arbeidd med korleis journalistisk innhald kan delast opp og brukast i nye format og tenester.

Ho har tidlegare vore stipendiat ved Reuters Institute ved Oxford-universitetet og ICFJ, der ho har sett på korleis dette kan gjerast, utan at kjeldetilvisingar, faktapresisjon og redaksjonell kontroll går tapt.

– Journalistikkens død?

På konferansen vart den indiske KI-journalisten spurt om ikkje «liquid content» kan vere døden på journalistikken slik vi kjenner den.

– Det er kanskje kontroversielt, men eg ville ikkje sagt det. Det er måten vi konsumerer journalistikk på som vil forandrast.

Ho meiner òg at mediehusa må tenkje annleis om kva dei skal ta betalt for når journalistikken i aukande grad blir brukt av KI-assistentar.

Det er ikkje lenger nødvendigvis heile artikkelen som har størst verdi, men kunnskapen journalistane produserer, argumenterte ho.

Raghu viste samtidig til at store nyheitsorganisasjonar inngår avtalar med KI-selskapa, medan mindre redaksjonar som hennar eigen har større vanskar med å kome til forhandlingsbordet.

Powered by Labrador CMS