NRK testar alternativ til israelsk teknologi

Den politiske situasjonen og NRKs bruk av israelskprodusert LiveU har fått enkelte medarbeidere til å stille spørsmål. Tilknytinga til Israel er likevel ikkje årsaka til at NRK ser etter anna utstyr, ifølgje teknologileiar.

NRK testa ut nytt utstyr for direktesending i kong Haralds gravferd.
Publisert
Lesetid: 3 min

I mange år har sendarar frå LiveU sørgt for direktebilete frå felt, både for NRK og andre mediehus. Teknologien kombinerer fleire mobilsamband samtidig, slik at video kan sendast direkte over 4G- og 5G-nettet.

I ei anbodsutlysing frå NRK hausten 2025 kjem det fram at NRK no ønskjer to separate leverandørar, éin som leverer LiveU og éin som leverer ei tilsvarande løysing på ei anna teknologisk plattform.

Føremålet var ifølgje konkurransegrunnlaget å sikre «fleksibilitet, robustheit og kontinuitet».

Testar konkurrent i felt

Tommy Hjelm i teknologi- og produktdivisjonen i NRK forklarer at NRK ikkje skal kvitte seg med LiveU.

– Det er ei strategisk avgjerd at NRK skal ha variasjon i kontribusjonstilbodet. Vi har allereie ein betydeleg portefølje av LiveU, som vi ønskjer å vidareføre, men vi ønskjer også eit alternativ som kompletterer og dekkjer behovet på andre måtar.

Dei peikar på «teknologidiversitet», altså at NRK må ha fleire bein å stå på.

– Det handlar om å ha fleire leverandørar dersom den eine sviktar. Uavhengig av om det er tekniske eller politiske årsaker, seier Mohsan Basit, som leier NRKs gruppe for elektronisk nyheitsformidling.

Han har vore med på å teste Haivision som ei ny løysing, mellom anna i NRKs bilar og under gravferda til kong Harald.

– Dette er noko vi testar, og må teste meir, for å finne fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa.

Haivision er eit kanadisk selskap som i 2022 kjøpte den franske LiveU-konkurrenten Aviwest.

Geopolitikk og teknologi

Sendarar som dette brukar mobilnett for å sende videosignal frå felt.

LiveU vart etablert i Israel i 2006 og har framleis verksemd i landet, men har i dag det globale hovudkontoret sitt i New Jersey i USA og er majoritetseigd av det amerikanske investeringsselskapet Carlyle.

Journalisten kjenner til at medarbeidarar i NRK har stilt spørsmål ved den omfattande bruken av teknologi frå selskapet.

Men ifølgje Hjelm har LiveUs tilknyting til Israel ikkje vore eit tema som har blitt løfta fram i denne anskaffinga.

– Det har vi ikkje høve til, seier han og viser til lov om offentlege anskaffingar.

– Israel, eller USA for den saks skuld, har ikkje vore tema? Om ikkje, kvifor ønskjer de alternativ akkurat no? Er koplinga selskapet har til Israel eller USA heilt irrelevant?

– Vi ser heile tida på kva teknologiar og løysingar vi tilbyr for å halde eit forsvarleg servicenivå til innhaldsmiljøa. Når vi no ønskjer eit tillegg til LiveU, er det som følgje av ei totalvurdering av behova til NRK og dei tilboda og løysingane som finst i marknaden, svarar han på e-post.

Han viser også til at rammeavtalen for denne typen utstyr gjekk ut i fjor.

Starlink skrudd av i Ukraina

Medarbeidarar Journalisten har snakka med peikar på fleire døme der teknologileverandørar kan ha politiske interesser overfor media, og fryktar dette kan vere sårbart, særleg i ei uroleg tid.

Satellittnettet Starlink frå Elon Musks SpaceX vart til dømes raskt viktig for ukrainske styrkar etter den russiske fullskalainvasjonen. I 2025 dokumenterte Reuters at Musk i 2022 gav ordre om å slå av Starlink-tenesta over delar av Ukraina medan ukrainske styrkar gjennomførte ein motoffensiv.

Historisk hadde NRK langt større kontroll over infrastrukturen gjennom sitt eige sendenett. Etter at dette vart selt, er også «statskanalen» avhengig av infrastruktur frå private selskap.

Debatt også i Irland

LiveUs tilknyting til Israel har også ført til diskusjon hos andre allmennkringkastarar.

I februar skreiv Irish Independent at fagforeininga SIPTU hadde teke opp RTÉs bruk av LiveU på grunn av tilknytinga selskapet har til Israel.

RTÉ-sjef Kevin Bakhurst forsvarte den vidare bruken av teknologien og sa at kringkastaren ikkje hadde noko reelt alternativ til LiveU for delar av verksemda. Teknologien hadde då vore brukt av den irske allmennkringkastaren i meir enn ti år.

Det er også verdt å nemne at den irske allmennkringkastaren i 2026 valde å boikotte Eurovision Song Contest, på grunn av Israels deltaking.

Powered by Labrador CMS