Nynorskpris til Linda Eide

NRK-medarbeidar Linda Eide har fått den første prisen for nynorskjournalistar frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Prisen vart delt ut under Dei nynorske Festspela i Ørsta torsdag 22. juni, melder NRK. Prisen er på 50.000 kroner og eit kunstverk av Oddvar Torsheim.

– Prisvinnaren er mest ein eigen sjanger i norske media, ho er tydeleg stolt av nynorsken sin og ho har vore ein forkjempar for bruk av nynorsk i norske media. Dessutan er Linda Eide ein fryd å høyre på, sa juryformann Gry Beate Molvær under utdelinga.

Vossingen er kjend både frå radio og tv. Spesielt er hennar reportasjar og kåseri i Norgesglasset verdsett av mange.

I tillegg til å vere sterk og humoristisk forsvarar av nynorsk, er Linda Eide ein lidenskapeleg syklist. Sykkeldokumentaren hennar «Døden bak styret» fekk i fjor pris frå journalistlaget.

I juryen har også sjefredaktør Tom Hetland i Stavanger Aftenblad og forfattaren Olaug Nilssen vore med.

Powered by Labrador CMS