– Det er ein bevisst strategi å rekruttere unge talent, for å forstå ein ny generasjon lesarar, seier Amedia-sjefen.
Jeanette Brubakken, Edvard Muli Langen, Roy Skjæveland og Kristine Bentestuen Ludvigsen er alle i 20- og 30-åra og har blitt redaktørar i lokalaviser.Foto: Amedia.
Den siste tida har fleire lokalaviser fått ansvarlege redaktørar i 20- og 30-åra.
Då Roy Skjæveland (29) vart tilsett som ansvarleg redaktør i Dalane Tidende i juni, blei han ein av dei yngste ansvarlege redaktørane i norsk dagspresse.
Kort tid før vart Cato Husabø Fossen (33) tilsett som sjefredaktør i Sogn Avis, Jeanette Brubakken (33) fekk jobb som ansvarleg redaktør i Kragerø Blad Vestmar, og Thomas Tangen (37) tok over Avisa Gaula.
Året før vart Kristine Bentestuen Ludvigsen (33) redaktør og dagleg leiar i avisa Hadeland, Edvard Muli Langen (30) i Lierposten, Øystein Silde Frønsdal (29) i avisa Hordaland og Sindre Slethei (28) i Gjesdalbuen.
Vil unngå forgubbing
– Vi har jobba målretta over tid for å sikre neste generasjon, av begge kjønn, seier konsernsjef i Amedia, Anders Opedahl.
Han kallar det grunnleggande sunt å få inn unge talent i redaktørkorpset.
– Unge stemmer som har gjensidig perspektiv på morgondagens avislesarar, med nye perspektiv og idéar.
Amedia eig og forvaltar over hundre aviser i Norge, og har i tillegg fleire partneraviser. Redaktørane her vert ikkje yngre av seg sjølv.
Amedia-sjef Anders Opdahl var sjølv redaktør som 25-åring.Foto: Marte Vike Arnesen
– Vi har hatt ein stab der mange dyktige redaktørar har sitte lenge. Vi kan gjerne vere litt breiare samansett enn det vi har vore historisk, seier Opedahl.
Annonse
Også i Polaris-aviser har det dukka opp yngre krefter dei to siste åra.
Bastian Alstad (32) vart i år tilsett som redaktør i avisa Sør-Trøndelag, Olav Åsen Haugsgjerd (36) og Sanna Drogset Børstad (38) var tilsett i Setesdølen og Bladet i fjor.
Einaste kvinna på redaktørsamling
Då Jeanette Brubakken (da 32, no 34) var fungerande redaktør for Kragerø Blad Vestmar og var med på si første redaktørsamling i regionen, merka ho at ho var den einaste dama på samlinga.
– Men no har eg fått fleire kvinnelege redaktørkollegaer, og seminarvenninner, ler ho.
– Redaktørstillinga har tradisjonelt vore ei gubbete stilling, no er det større mangfald. Vi har ulike styrker og svakheiter, og deler utfordringar med kvarandre. Her dreg vi nytte også av dei meir erfarne redaktørkollegaene.
Ho meiner fleire unge leiarar er avgjerande for at lokalavisene skal leve vidare.
– Vi har eit nettverk og andre måtar å tenke på, i ei bransje der det har skjedd kjempemasse på få år.
Også i lokalaviskonserna er det framleis mange «kvite menn som pusher 50», sjølv om dei aktivt leitar etter yngre arvtakarar.
Annonse
– Det er ikkje noko problem i seg sjølv. Folk kan sitte til pensjonsalder og vel så det. Men vi må ikkje få ei forgubbing eller overvekt av eldre menn. Det er ei utfordring, seier Opedahl.
– Det viktigaste er å nå ein ny generasjon lesarar, da er det bra at vi får inn leiarar i Amedia som har kjent på kroppen kva dei treng.
Konsernsjefen peikar på at det er godt samarbeid mellom avisene i Amedia, der ein kan lære av kvarandre på tvers.
Vart nyheitsredaktør som 25-åring
Opedahl vart sjølv nyheitsredaktør i Nordlys som 25-åring, og tok over som sjefsredaktør då han bikka 31.
– Er det derfor du er lite skeptisk til å tilsette unge leiarar?
– Det kan godt hende. Som arbeidsgivar må vi uansett satse på dei som vil noko. Skal alle sjefredaktørar inn i eit gitt erfaringsrom, så går vi glipp av mange talent, seier han.
– Eg kunne lite om leiing som 25-åring, men det er ting ein kan lære. Eg var med på talentutvikling og leiarkurs. Som ung er det også enklare å lære nye ting.
PODKAST: Fersk i breakingjournalistikk? Følg serien «Klar når det smeller» i Journalistens podkast denne sommaren:
Nylige artikler
Ung redaktørbølge i fleire lokalaviser
Teknologien har aldri betydd mer. Forståelsen av den forvitrer i stillhet
– Journalistar må vere kritiske til politiet
Derfor kjem Theo «alltid» først
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
Mest leste artikler
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
Krimduoen gjenforenes i TV 2
Har dømt Dagbladet i årevis: – Nå har jeg faktisk troa
Derfor kjem Theo «alltid» først