VG-journalist: – Mangfald er sett på frys i mediene
Xueqi Pang meiner temaet har hamna lenger ned på prioriteringslista i norske redaksjonar, utan at mykje er endra.
Kunstig intelligens, svakare økonomi og nedbemanning pregar norske mediehus. Dette fryktar Pang at har tatt fokuset bort frå arbeidet for større mangfald i redaksjonane.
– Vi set ikkje lenger mangfald på dagsordenen slik vi ein gong gjorde, seier ho.
VG-journalisten har ved fleire anledningar engasjert seg i dette spørsmålet, med mål om at alle delar av den norske befolkninga skal kjenne seg att i mediene.
Lite har skjedd
Berre éin prosent av journalistane som skriv nyheitsstoff i norske medium, har namn med utanlandsk, ikkje-nordisk opphav, ifølgje ei Retriever-undersøking frå 2025.
Ingenting nytt har skjedd sidan da, meiner Pang.
– Eg trur ikkje vi har gløymt det, vi har sett det litt på frys. Og eg meiner det er på tide å tine det opp igjen, seier ho til Journalisten.
Ho deltok i debatten «Hvem kommer til orde i norske medier? Behovet for mangfold i spaltene», arrangert av Fritt Ord under Arendalsuka.
Sakna medieleiarane
Utgangspunktet for debatten var undersøkinga frå Retriever, som også viser at kjelder brukt i norske medium har stor overvekt av nordiske namn. 92 prosent av dei som kjem til orde i nyheitsartiklar, har nordisk namneopphav.
Retriever understrekar at namneopphav ikkje er eit eksakt mål på nasjonalitet, men at det kan gi ein indikasjon på mangfaldet blant journalistar og kjelder.
– Om det er NRK eller VG eller Fædrelandsvennen eller kva det måtte vere, så synest eg det er synd at leiarane ikkje eingong viser interesse. At dei viser at dei har fått det med seg, seier Pang om mangelen på medieleiarar i salen då tala vart presentert.
Ho meiner tala viser at arbeidet langt frå er ferdig.
– For meg er det mykje trendprat og mykje politisk korrektheit. Eg ser veldig lite handling, seier ho.
Pang peikar også på at samfunnsdebatten rundt mangfaldstiltak har endra seg.
– Eg trur journalistikken, som resten av verda, blir påverka av kva slags politiske vindar som bles, og kva folk er opptekne av. Vi ser det i USA, og vi ser det også i Noreg, at det er større motstand mot slike initiativ.
– Dersom ein er ein arbeidsgivar som er oppteken av mangfald, må ein heve seg litt over det og tenkje at det finst eit større mål.
Heilt sikker på endring
Sjefredaktør Kjersti Sortland i Stavanger Aftenblad forstår opplevinga til Pang, men meiner biletet varierer mellom redaksjonane.
– I Stavanger Aftenblad er vi veldig fokuserte på at vi må nå unge under 30, og at vi må sikre mangfald i redaksjonen. Så eg kjenner meg ikkje heilt igjen, seier Sortland.
Ho erkjenner samstundes at Stavanger Aftenblad har ei utfordring.
Under debatten fortalde ho at avisa ikkje har ein einaste fast tilsett med utanlandsk bakgrunn.
– Eg er kjempeflau over det. Vi har heldigvis ein fantastisk vikar, som vi skal halde godt på, sa Sortland.
Aftenbladet står samstundes midt i ei treårig nedbemanning, og Sortland peikar på liten utskifting i redaksjonen som ei av forklaringane på at endringar tek tid.
– Som arbeidsgivar kan du ikkje berre seie opp halve staben fordi du vil ha inn nokon nye. Så vi må jobbe langsiktig med dette. Men det medvitet har vi.
Ho viser til at mange av journalistane kom inn i avisbransjen på 1990- og 2000-talet og framleis arbeider der.
– Det er sjeldan vi rekrutterer, dessverre. Men dette vil endre seg. Det er eg heilt sikker på.
Kamp om dei flinkaste kvalifiserte
Sjefredaktør Eivind Ljøstad i Fædrelandsvennen seier hans avis ikkje kan vise til nedbemanning som forklaring.
– Det er kamp om dei flinkaste journalistane med ikkje-nordiske namn. Dersom dei får tilbod i VG eller TV 2, så går dei dit. Så det er ikkje berre ein «quick fix» for oss. Først må du ha ledige stillingar, og så skal du få dei til å velje deg.
Ljøstad ser samstundes ein fare for at økonomiske konsekvensar av kunstig intelligens kan gjere mangfaldsarbeidet vanskelegare.
– Dersom KI fører til kostnadskutt, har det ein tendens til å gå utover alt anna enn det vi definerer som kjerne.
Men han meiner utviklinga også kan gjere mangfald endå viktigare.
– Når det blir viktigare med unikt innhald, blir det å ha gode kjelder i ulike miljø viktig for å kunne lage god journalistikk som KI ikkje kan lage.
Vil sjå flerkulturelle medieleiarar
Pang ønskjer seg representasjon som kan sikre at menneske og potensielle abonnentar ser folk i mediene som minner om dei sjølve, og skapar tilhøyrigheit.
– Eg og andre kollegaer i mediebransjen saknar eit endå større initiativ for å få betre mediedekning for alle.
Under debatten fekk deltakarane spørsmål om kva dei ønskte seg for mediebransjen framover.
– Eg håpar å sjå flerkulturelle leiarar i mediebransjen. Det er ingen slike toppleiarar i dei store mediene. Det har noko å seie, avsluttar ho.
Nylige artikler
NRK rettet konklusjon fra covidstudie – så måtte de rette rettelsen
Slutter seg til Altinget-kritikken: – Et nivå av brutalitet vi ikke er vant til i Norge
Journalistisk FOMO og sutring
Rasende nyhetssjef: – De har skremt folk til å signere dårlige sluttavtaler
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Mest leste artikler
Var alt Harald gjorde helt konge – og når er det greit å snakke stygt om de døde?
Publiserte bilde av Mette-Marit med «spybøtte»: – Stor dokumentasjonsverdi
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Brutalisering av arbeidslivet
Foreslår at Altinget saksøkes: – Gi dem en smekk