DEBATT:
Forslaget sentraliserer makt i Norsk Journalistlag
Eit organisasjonsutval sett ned av Norsk Journalistlag foreslår eit mindre landsstyre og eit truleg mindre og meir fleksibelt landsmøte. Målet er mellom anna å tilpasse organisasjonen til dagens medieverkelegheit og bruke tida til dei tillitsvalde betre.
Bildet er fra NJs landsmøtet i 2025.
Foto: Marte Vike Arnesen
Dette er eit debattinnlegg og gir uttrykk for skribenten sine eigne synspunkt.
Til orientering: Espen Moe Breivik er, i tillegg til å vere leiar i NJ Oslo, journalist i Journalisten. Innlegget er skrive i rolla hans som leiar i NJ Oslo.
Eit organisasjonsutval sett ned av Norsk Journalistlag foreslår eit mindre landsstyre og eit truleg mindre og meir fleksibelt landsmøte. Målet er mellom anna å tilpasse organisasjonen til dagens medieverkelegheit og bruke tida til dei tillitsvalde betre.
Det siste er det lett å støtte. NJ bør i større grad leggje til rette for dei tillitsvalde. Som leiar av det største lokallaget i organisasjonen ser eg mange døme på tidstjuvar og oppgåver som kunne vore løyste enklare.
Men eg meiner det er feil å byrje effektiviseringa av organisasjonen med å skrelle bort landsmøtet, organisasjonens viktigaste demokratiske arena.
Når utvalget til NJ no foreslår at det er landsstyret og konsernlaga i NJ som skal velje kven som skal vere representert på landsmøtet, ved sidan av dei største klubbane, så meiner eg det er ei sentralisering av makt i organisasjonen.
I den nye modellen får lokallaga berre éin plass. For Oslo-laget betyr det å gå frå 17 til éin delegat.
I dag har dei 15 lokallaga i NJ delegatplassar på landsmøtet som skal fordelast representativt. NJ Oslo, med over 4000 medlemmer og rundt 120 klubbar, har i dag 17 plassar. På førre landsmøte brukte vi desse til å sikre representasjon frå mellom anna fagmedium, produksjonsselskap, lokalaviser og mindre nisjemedium, miljø som elles ikkje ville fått ein plass rundt bordet. Fleire av desse delegatane var òg blant dei mest aktive deltakarane på møtet.
I den nye modellen får lokallaga berre éin plass. For Oslo-laget betyr det å gå frå 17 til éin delegat. Makta over kven som skal representere dei mindre klubbane, blir i staden flytta til konsernlag og eit eit valstyre oppnemd av landsstyret.
Utvalet viser til at hovudoppgåvene til lokallaga er medlemsaktivitet, møteplassar og rekruttering. Det er ein viktig del av arbeidet vårt. Men vedtektene slår også fast at lokallaga skal «spille en aktiv rolle i utforming og gjennomføring av NJs politikk» og vere «et bindeledd mellom medlemmene og de sentrale organene i NJ».
Å svekke lokallaga si innflytelse på landsmøtet vil dermed gjere det vanskelegare for laget å oppfylle sitt nedfelte formål.
Utvalet peikar på at dagens ordning ikkje alltid gir ei representativ fordeling mellom ulike delar av medlemsmassen. Det bør vi vere opne for å gjere noko med. Men det er ikkje eit argument for at valet av delegatar bør flyttast lenger bort frå medlemmene. Spørsmålet om kven som skal vere representerte er ikkje det same som spørsmålet om kven som skal velje representantane.
Eg tvilar ikkje på at verken landsstyret eller konsernlaga ønskjer eit mest mogleg representativt landsmøte. Men i ein demokratisk og medlemsstyrt organisasjon meiner eg at slike val som hovudregel bør takast så nær medlemmene som mogleg, og at makta bør fordelast på fleire hender.
Femten lokallag er femten demokratiske organ med direkte kontakt med medlemmene i heile landet. Det gir ei anna maktspreiing enn dersom representasjonen blir fordelt av éit landsstyre eller fire konsern.
Ja, rundt 70 prosent av medlemmene i NJ arbeider i konsern. Men rundt 30 prosent gjer det ikkje. Og vi veit heller ikkje korleis konsernstrukturen i medie-Norge ser ut om fem eller ti år.
Denne innvendinga er ikkje eit argument mot å gjere landsmøtet mindre, smartare eller meir effektivt. Og det er definitivt ikkje eit argument mot å ta tida til dei tillitsvalde meir på alvor.
Eg kan nemne mange grep som ville gjort livet enklare for tillitsvalde, men å kutte ut landsmøtet står langt nede på lista.
Til opplysning: Journalisten er eigd og utgitt av NJ. Redaksjonen er uavhengig.
Nylige artikler
Dagbladets papirutgave under 10.000 for første gang
Makta sitter bak mobilmuren
Pressen kan gjøre mer for å bremse konspirasjonstenkning
Medier bidrar selv i system som kan ramme journalister: – Burde ringe alarmbjeller
Sol-nedgang: Halverte tall
Mest leste artikler
NRK etter KI-funn: – Kan ikke utelukkes
Åpent brev om utmelding av Norsk Redaktørforening
Drastisk fall for Dagbladet – mistet 25 prosent av leserne
Medier bidrar selv i system som kan ramme journalister: – Burde ringe alarmbjeller
Pressen kan gjøre mer for å bremse konspirasjonstenkning