Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
50 år siden
På møtet i Oslo Journalistklubb 19. januar innleidde sendeleiar Arthur Klæbo til ordskifte om kringkasting og presse og sa da mellom anna: Når eg blir spurd om det er eit godt eller dårleg forhold mellom presse og kringkasting, då trur eg mest at eg må svare nei. Det er ikkje noko forhold, dersom ein legg den intimitet i ordet som rett er. Men den naturlege påverknaden som er der, kan føre til eit samarbeid som vil få mykje å seie. (…)
Kringkastinga kan ikkje løyse dei politiske og sosiale og religiøse flokane våre, kan ikkje trygge verdsfreden eller fastsetje stemneleia for den veg menneskeslekta kjem til å vandre, kringkastinga kan ikke eingong tvinge nokon til å høyre på seg. Men kringkastinga kan, saman med pressa, halde folket vake så det ser kva veg det ber.
Journalisten, mars 1953
25 år siden
Striden om bruken av skjermterminalene i avisene er nå bragt tilbake til forhandlingsbordene. Med Arbeidsrettens dom har Norsk Grafisk Forbund fått stadfestet sin påstand om at grafisk arbeidskraft har ene- og fortrinnsrett til betjening av skjermene for framstilling av sats i aviser og trykkerier.
Både i Norsk Grafisk Forbund og i Norsk Journalistlag understrekes verdien av at spørsmålet nå har fått en avklaring. (…) Avisenes Arbeidsgiverforenings kommentar til dommen er mer pessimistisk. Direktør Knut M. Aaser uttaler at hvis denne dommen blir stående, vil den sette punktum for all videre teknisk utvikling i avisene. AA vil derfor foreslå at avtalebestemmelsen om enerett for typografer blir endret ved tariff-forhandlingene i vår.
Journalisten, mars 1978