Valdstruslar, utestenging og deepfakes stoppa ikkje den ferske Dagsavisen-kommentatoren frå å stille opp i over 30 indiske medier. I mai gjekk ho viralt etter å ha ropa spørsmål etter den indiske statsministeren.
Helle Lyng Svendsen sin video på X er delt over 11 millionar gonger.Foto: Espen Moe Breivik
Same månad som Helle Lyng Svendsen (28) vart tilsett som kommentator i Dagsavisen, skapte ho overskrifter verda over då ho forsøkte å utfordre Indias statsminister, Narendra Modi, under noregsbesøket hans i mai.
Sjølv om Svendsen var førebudd på at det ikkje ville vere ope for spørsmål, ville ho ikkje la sjansen gå frå seg.
– Det var veldig viktig for meg. Indiske medium, særleg dei uavhengige, slepp aldri til. Han har ikkje halde ei pressekonferanse på tolv år, seier ho.
Svendsen har blitt omtalt og intervjua av ei rekke indiske mediehus.Skjermdump: X
Kommentatoren har tidlegare vore økonomijournalist og USA-korrespondent for Nettavisen. Sidan ho sjølv har bede folk stille opp dei gongene ho har laga saker, ville ho seie ja då førespurnadene rann inn frå indiske mediehus.
– Eg kom rett inn til ein time med grilling frå ei superaggressiv dame. Ho var ikkje objektiv i det heile, samstundes som ho skulda meg for å vere partisk. Det var eit surrealistisk augeblink, seier ho om eitt av dei direktesende TV-intervjua.
Kor mange bøker om India har du lese? spør reporteren på NDTVSkjermdump: X
Det var også andre ting Svendsen fekk erfare i indiske medium.
– Eg vart overraska over kor mange som bruker KI. Til dømes photoshopa dei eit bilete av meg, der eg var mykje høgare og slankare enn eg eigentleg er. Eg lurte på om dei verkeleg får lov til å gjere slikt på TV.
I sosiale medium har det også florert falske bilete, kontoar og påstandar. Mellom anna har Svendsen vorte skulda for å vere spion og for å vere betalt av opposisjonen.
Munnhoggeri med diplomaten
I indiske medium og sosiale medium er også møtet mellom Svendsen og den indiske diplomaten Sibi George heftig omtalt.
Han tok spørsmål frå pressa etter fråværet til statsministeren.
– Men på denne pressekonferansen ville dei samle inn alle spørsmåla på førehand, slik at det ikkje var mogleg å stille oppfølgingsspørsmål.
Dette forsøkte kommentatoren å protestere mot, noko som resulterte i eit kraftig munnhoggeri framfor opne kamera.
I fleire innlegg i sosiale medium er det delt eit klipp der Svendsen forlèt pressekonferansen. Nokon kallar ho aktivist og seier at ho storma ut under svaret, i mangel på respekt.
– Eg gjekk ut for å hente vatn. I dei mediene som har delt klippet, tek dei ikkje med at eg går inn att nokre sekund seinare.
– Så du gjekk ikkje i protest?
– Eg var ikkje akkurat nøgd med svaret eg fekk. Men han hadde snakka i fem minutt og var nok over på noko heilt anna. Eg såg kanskje ikkje blid ut, men kom jo inn att like etterpå.
– Om eg kunne gjort noko annleis, så hadde det vore akkurat det. Eg visste ikkje korleis det kom til å sjå ut, og forstod ikkje heilt at det kom til å bli ei sak, seier ho.
Vestleg arroganse?
I podkastepisoden svarar Svendsen på om ho medvite prøvde å lage eit viralt klipp, om ho er ein del av ein «vestleg arroganse», og korleis ho eigentleg har handtert truslar og deepfakes.
I tillegg reflekterer ho over å gå frå Nettavisen til ei avis med sosialdemokratisk stempel, og forklarar kvifor ho starta ei underskriftskampanje om TV 2 sine metodar i FrP si «barskandale».
Høyr episoda no:
Podkasten er tilgjengeleg også i iTunes, Podme, Podplay og Youtube.
Nylige artikler
NRK-analyse: Høibys perspektiv utgjorde 19,5 prosent i dekningen
Da VM kom til Qatar, raste vi. Hvorfor er det stille nå?
India-konfrontasjon: Dette ville ho gjort annleis
Kommentarfeltet kan få oss til å tro at konfliktene i samfunnet er nær bristepunktet. Det stemmer ikke
Ikke en eneste norsk søknad: – Alvorlig
Mest leste artikler
Se og Hørs bilde av Marius Borg Høiby var ekte likevel
Pulte rundt i alle mediehus denne uka
Tvilling-trøbbel for TV 2-serie
Se og Hør tok bilde i NRK-legendes begravelse – klaget inn til PFU
India-konfrontasjon: Dette ville ho gjort annleis