Aukande frykt for KI-konsekvensar blant journalistar
Journalistar flest er positive til bruk av kunstig intelligens i mediene, likevel fryktar no eit fleirtal at teknologien vil føre til arbeidsløyse. Det viser medieundersøkinga.
Journalister på jobb for SOL på Hasle.Foto: Lars Eivind Bones / Dagbladet
Kunstig intelligens og nordmenns forhold til KI er blant temaene i den store medieundersøkinga som vert presentert på Nordiske Mediedagar denne veka.
Både journalistar, redaktørar og teknologar er intervjua i undersøkinga, som ser på haldningar til teknologien opp mot befolkninga som heilheit.
54 prosent av journalistane svarar at dei er bekymra for auka arbeidsløyse blant journalistar som følge av KI. For to år sidan var det 45 prosent som svarte det same.
Blant redaktørane er andelen som er bekymra berre 25 prosent.
– Unikt innhald viktigare
VG har vore langt framme med KI-verktøy blant norske medier, har testa reine KI-verktøy utan menneskeleg innblanding på fronten, og løfta fram journalistar som har firedobla produksjonen ved hjelp av KI.
Marcus Husby er KI-sjef for VG.Foto: VG
– At journalistar blir meir effektive og får gjort meir, bidreg ikkje til at VG trenger færre menneske ansatt. Det betyr heller at vi kan bruke fleire personar til å lage unikt innhald, noko som kjem til å bli stadig viktigare framover, seier KI-sjef i VG, Marcus Husby til Journalisten.
Han deler dermed ikkje uroa som kjem fram i undersøkinga.
– KI kan ikkje grave fram kva som faktisk skjedde i Høiby-saken, finne ut kva som vert diskutert i lukka politiske møte eller vite kva Ståle Solbakken seier i garderoben før VM. Unik journalistikk, som bygger på eigne kjelder og eigne avsløringar, blir derfor berre viktigare.
Positive til bruk av KI i mediene
Sjølv om det eksisterer ein viss skepsis, viser undersøkinga at flere og fleire meiner at bruk av KI er eit gode for mediene.
Annonse
64 prosent av dei spurte journalistane og heile 88 prosent av redaktørane er positive til bruken. For to år sidan var det 52 og 82 prosent som meinte det same.
Undersøkinga viser også at 45 prosent av journalistar og 64 prosent av redaktørar meiner at nyheitsredaksjonar som ikkje bruker KI i dag, ikkje er konkurransedyktige.
– KI kan hjelpe oss med mykje, og vi må alle vere opne for å utforske korleis vi kan bruke verktøya på ein smart måte, seier Husby.
Torsdag møter han sjefredaktør i Morgenbladet, Sun Heidi Sæbø til debatt under mediedagane. I motsetning til VG har avisa tatt eit bevisst val ved å bygge profilar med ekte stemmer og «longreads» utan KI-generert oppsummering.
Til saman 2500 har delteke i undersøkinga, som professor Erik Kudsen, ved Institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, vil presentere i sin heilheit same dag.
Nylige artikler
Tale er sølv, å gjenta hva andre har sagt, er tull
Åpent svar fra Norsk Redaktørforening
Rustad forteller om møte med redaktørforeningen
Håver inn med frivillig betaling. Men modellen passer trolig ikke i Norge
– Har inntrykk av at Pangram gir få falske positive treff
Mest leste artikler
NRK etter KI-funn: – Kan ikke utelukkes
NRK ba ansatte slutte å strømme gravferden på nettet
Åpent brev om utmelding av Norsk Redaktørforening
Drastisk fall for Dagbladet – mistet 25 prosent av leserne
Hvordan dekke en redaktør som bryter alle normer?