Bløff om NJ-stipend og ansiennitet

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Børge Otterlei skriv i Journalisten 22. oktober, i eit svar til Stein Kagge: «Ved siste tildeling fekk alle som hadde ansiennitet frå før 1988 i ordninga tildelt reisestipend så sant dei ikkje har fått før».

Eg har NRK-ansiennitet frå 1972, søkte, men fekk ikkje noko svar, verken positivt eller negativt. Eg fekk stadfesting på at søknaden var mottatt.

Har aldri fått «reisestipend « eller «kvilestipend» som det heitte før. Eg har reagert på det, men rekna med at ein gong blir det også min tur. Når alle venner og bekjente av Stipendkomiteen får, for å fleipe litt.

Powered by Labrador CMS