Fire var for få for NRK – fem var nok
NRK har lyst ut stillinga som Asia-korrespondent på nytt etter at berre fire interne kandidatar søkte. Samstundes vert Afrika-jobben fylt etter ein intern prosess med berre fem søkarar.
Philip Lote har vore NRK sin utanrikskorrespondent i Asia i flere perioder.
Skjermdump: NRK TV
– NRK treng eit breiare samanlikningsgrunnlag for ei så viktig stilling. Det betyr ikkje at dei som har søkt ikkje er kvalifiserte, men at vi ønskjer å sjå dei opp mot eventuelle eksterne søkarar, sa utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen til Panorama Nyheter då Asia-stillinga vart lyst ut eksternt.
Få veker tidlegare vart Afrika-korrespondentjobben lukka, etter ein intern prosess. Der var det fem søkarar.
– Talet på søkarar seier ikkje nødvendigvis noko om kva grunnlag vi har for å vurdere søkarlista, seier Falkenberg Mikkelsen til Journalisten.
– På Afrika-stillinga vurderte vi det som ei tilfredsstillande søkarliste, medan vi på Asia-jobben ønskjer oss eit breiare samanlikningsgrunnlag.
I 2022 vart Vegard Tjørhom NRKs Afrika-korrespondent. Då hadde stillinga 13 søkarar.
67 år gamle Dag Bredvei, som var korrespondent på kontinentet frå 2006 til 2010, er blant dei fem interne søkarane på den nyleg utlyste stillinga, skriv Panorama.
Held stillingane internt
Utanrikssjefen avviser at Asia er viktigare for NRK enn Afrika.
– Nei, men det er litt annleis og krev noko annan kompetanse. Kvart korrespondentkontor har sine særpreg.
Dei siste åra har fleire av NRKs utanriksstillingar blitt fylte gjennom interne prosessar. Mellom anna korrespondentstillingane i London, USA, Brussel, Moskva, Ukraina og Afrika. Midtausten-stillinga vart derimot lyst ut eksternt.
– Er det riktig å halde viktige og krevjande korrespondentstillingar lukka for kandidatar utanfor NRK?
– Utanriksjournalistikk og det å vere på plass utanfor Noregs grenser er viktig for NRK. Det skal vi framleis satse på. I nokre tilfelle lyser vi stillingane ut eksternt, i andre gjer vi det som interne prosessar.
– Vi er trygge på at vi finn dyktige og kompetente korrespondentar som kan levere på nyheitsoppdraget i ei uroleg verd også i tida framover.
Må redusere kostnader
NRK har for tida ei streng tilsetjingskontroll, fordi selskapet må redusere kostnader.
Måndag kom det fram at NRK tilbyr sluttpakkar til tilsette som vil gi seg. Planen er at kanalen skal kutte mellom 300 og 400 årsverk.
På spørsmål om dette kan føre til at NRK går glipp av kompetanse og nye perspektiv utanfrå, svarar Falkenberg Mikkelsen:
– Vi har mange dyktige medarbeidarar i NRK som både er kompetente og opne for nye idear. Samstundes treng kvar organisasjon også impulsar utanfrå og nokre gonger spissa kompetanse.
Nylige artikler
– Overraska over kor lite regulert det er
– Den største investeringa på lenge
TV Glad får kjente mennesker til å åpne seg om sorg, ensomhet og skam
Ung redaktørbølge i fleire lokalaviser
Teknologien har aldri betydd mer. Forståelsen av den forvitrer i stillhet
Mest leste artikler
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
Krimduoen gjenforenes i TV 2
Derfor kjem Theo «alltid» først
– Overraska over kor lite regulert det er
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK