– Omkring halvparten av støtta gå til aviser som blir særleg ramma av endringane med færre postomdelingsdagar, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Foto: Eskil Wie Furunes
No kan media søke om 21 millionar i innovasjonsstøtte
– Gjer det mogleg å skape noko nytt, særleg for små, lokale medium.
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Medietilsynet skal fordele 20,9 millionar kroner i innovasjonsstøtte i 2022 og opnar no for søknader, skriv tilsynet i en pressemelding.
– Vi ser at innovasjonsstøtta gjer det mogleg å skape noko nytt, særleg for små, lokale medium. Mange av prosjekta hadde truleg ikkje blitt realiserte utan denne støtta, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i pressemeldinga.
– I tillegg til å prioritere små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium skal omkring halvparten av støtta gå til aviser som blir særleg ramma av endringane med færre postomdelingsdagar, seier Velsand.
Støtta kan ikkje vere høgare enn 40 prosent av prosjektkostnadene, men prosjekt som rettar seg mot små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium, kan få støtte som svarer til inntil 50 prosent av prosjektkostnadene.
Fleire kan gå saman om å søke om tilskott til fellesprosjekt, skriv Medietilsynet.
Nylige artikler
Fotballkeeper hevnet seg på journalist etter dårlig børskarakter: – Herlig
Postlista ble feriestengt: Nå snur fylkeskommunen
IJ slo egne budsjetter i jubileumsåret
Hvis KI-redaktøren min var et menneske, hadde jeg klaget til HR
Slutt for Senja247
Mest leste artikler
TV 2 klager på vedtak – også TVNorge får advarsel
Redaktøren kreftsyk: – Føles uvirkelig
Departementskontor reagerte på Schibsted-grep: – Urimelig
Slutt for Senja247
Hvis KI-redaktøren min var et menneske, hadde jeg klaget til HR