– Journalistar må vere kritiske til politiet

Det er ingen grunn til å senke den kritiske sansen, seier Solveig Husøy i Norsk Redaktørforening.

Politi og presse er avhengig av eit godt samarbeid, men mediene må også vere kritiske til nødetatane.
Publisert
Lesetid: 2 min

Når blålysa blinkar og journalistane hastar til ein skadestad, blir politiet ofte den første og nokon gongar den einaste kjelda til informasjon.

Men nettopp derfor må journalistar tenke kritisk også om politiet, meiner assisterande generalsekretær Solveig Husøy i Norsk Redaktørforening.

Solveig Husøy i Norsk Redaktørforening.

– Det å vere kritisk også til det politiet seier, tenkjer eg er veldig viktig, seier Husøy i Journalistens podkast.

Denne sommaren set podkasten fokus på journalistikk frå ulukker og kriser, gjennom serien «Klar når det smeller».

Husøy peikar på at også politiet kan gi opplysningar som burde sjekkast før dei blir vidareformidla.

– Politiet kan gi informasjon som ein av og til burde vere meir kritisk til, men som ein allikevel i nokre samanhengar berre lèt gå rett ut, fordi det er politiet som seier det, seier Husøy.

Kan bli ei felle

«Politiet kom raskt til staden» er ikkje ei ukjent setning på trykk, men har journalistane tatt tida, eller er det politiet sin påstand?

Husøy meiner politiet generelt nyt stor tillit.

– Det politiet seier kan få stor vekt, og ein har kanskje meir tillit til det enn til andre, seier ho.

Nyheitsredaktør Hanne Taalesen i Avisa Oslo kjenner igjen problemstillinga.

– Det er fort gjort å berre køyre på. «Politiet har sagt det, då dundrar vi på».

Ho meiner journalistar må vere like kritiske til små detaljar som til dei store.

– Politiet sine geografikunnskapar viser seg av og til å vere litt mangelfulle. Dei kan finne på å skrive feil stad eller bydel. For lesarane er det viktig å vite om det er på Majorstua eller St. Hanshaugen noko har skjedd.

Taalesen minnar om at det ikkje skader med ein ekstra sjekk. 

Politiet bestemmer ikkje publiseringa

I podkasten understrekar både Husøy og Taalesen at politiet har ei viktig rolle på skadestaden, og at samarbeidet med pressa stort sett er veldig godt. Likevel er det mediene som må ta dei journalistiske avgjerslene. 

– Det er berre redaktøren som kan bestemme kva som skal publiserast. Det kan ikkje politiet eller andre gripe inn i, seier Husøy.

Faktisk er nødetatane pliktig å legge til rette for at journalistar får gjort jobben sin, når noko skjer på offentleg stad. 

Politiet kan avgrense kvar journalistar kan opphalde seg av omsyn til den operative innsatsen, men styrer ikkje kva pressa kan ta bilete av eller kven ein snakkar med. Det skal heller ikkje skje beslag av pressa sitt utstyr. 

Journalistane skal dokumentere, kontrollere og stille kritiske spørsmål, også til styresmaktene, seier Husøy.

Etikk, folkeskikk og sjølvmord

Husøy og Taalesen fortel om korleis mediene bør, og ikkje bør handtere identifisering, presseetikk og folkeskikk under alvorlege hendingar. Lærdommen frå 22. juli, skytinga under Pride og omtale av sjølvmord er også tema.

Hør podkasten no:

Til opplysning: Serien «Klar når det smeller» er økonomisk støtta av NJ Oslo og Oslo Redaktørforening. Journalisten utgis av NJ, redaksjonen er uavhengig. 

Powered by Labrador CMS