Politiet om alternative medium: – Er du journalist eller aktivist?
Innsatsleiaren opplever at enkelte alternative medium og aktivistar som kallar seg journalistar utfordrar politiet med ein tydeleg agenda. Samstundes meiner han at meir filming har gjort politiarbeidet betre.
Anders Rønning er innsatsleiar i Oslo politidistrikt.
Foto: Christian Fredrik Borg / Avisa Oslo.
Då Anders Rønning byrja i politiet i Oslo for snart 20 år sidan, var det langt færre kamera retta mot politiarbeidet.
I dag blir politiaksjonar filma av journalistar, publikum, demonstrantar, influensarar og alternative medium.
I Journalistens podkast «Klar når det smeller» fortel innsatsleiaren at utviklinga har ført til både utfordringar og fordelar.
– Det er gått sport i fleire influensarar som har som jobb å oppsøke politiet og stille oss kritiske spørsmål. Og kverulere og halde på, seier Rønning.
Han meiner dette har gjort at politifolk må vere endå tryggare på det juridiske grunnlaget for handlingane sine.
Merkar alternative medium
Rønning fortel at politiet også har merka framveksten av alternative medium som ikkje nødvendigvis opererer etter dei same normene som etablerte redaksjonar.
– Det er litt den gråsona mellom; er du journalist eller aktivist? seier han i podkasten.
Han peikar på at nokre aktørar den eine dagen deltek som aktivist, medan dei neste dag presenterer seg som journalist.
– Da påropar dei seg å vere journalistar og skal innanfor sperringane våre med krav på fleire ting, seier Rønning.
Han understrekar at dette ikkje er eit stort problem, men at politiet har opplevd enkelte tilfelle.
– Ein merkar på spørsmålsstillinga at dei er veldig på ei eller anna side. At dei ønskjer at vi skal uttale oss til deira fordel, for dei har ein agenda og eit bodskap, seier han.
Om dette er å misbruke journalisttittelen er likevel ikkje noko han ønskjer å konkludere med.
Forsøk på å provosere fram reaksjonar
Rønning seier enkelte bevisst prøver å påverke politiet medan dei utfører oppdrag.
– Nokon bruker å filme oss heilt opp i ansiktet, seier han.
Målet kan vere å få politiet til å avstå frå å bruke tvangsmiddel, eller å framprovosere reaksjonar.
Ifølgje Rønning veit mange at konfrontasjonar mellom politi og demonstrantar skaper merksemd, enten i mediene eller sosiale medium.
– Det som ofte skaper mest klikk for dei, er at det blir konfrontasjon. Det er det som er heile bodskapen deira nokre gonger, seier han.
– Mindre spekulasjonar
Sjølv om fleire videoopptak og foto på staden kan skape utfordringar, meiner innsatsleiaren at utviklinga også har hatt positive sider.
– Då eg byrja i politiet hadde vi ikkje den slags, og vi kunne meir eige informasjonen, og når den skulle ut, seier han - på godt og vondt.
I dag blir hendingar dokumenterte nesten umiddelbart. Det har ført til at folk oftare får sjå heile situasjonen med eigne auge.
– Vi merkar mindre spekulasjonar, fordi folk ser kva som skjer. Episoden er filma, og då er det lettare å skjøne kvifor det blei som det blei, seier Rønning.
Samtidig minner han om at videoar ofte berre viser delar av ei hending.
– Vi sit gjerne på ei foranleiing, eit større bilete av heile hendinga, som gjer at det kan sjå valdsamt ut akkurat der og då, seier han.
Må tole å bli filma
Rønning er tydeleg på at politiet må akseptere filming på offentleg stad.
Grensa går først når filminga hindrar politiet i å utføre arbeidet sitt.
Han peikar også på at publikum ofte gløymer at kameraet ikkje berre fangar politiet.
– Du kan risikere å filme andre personar òg. Mistenkte eller fornærma, som dei ikkje alltid tenkjer på at dei legg ut, seier Rønning.
Sjølv om det er lov å filme politiets arbeid, slår likevel lovverket inn når det kjem til publisering. Slik er også presseetikken.
Deler sine erfaringar
Denne sommaren set Journalistens podkast fokus på journalistikk frå ulykker og kriser, gjennom podkastserien «Klar når det smeller».
I episoden med innsatsleiaren deler han sin erfaring med å handtere utålmodige journalistar under alvorlege hendingar. Han kjem med betrakningar og råd, fortel kva som fungerer bra og kunne vært betre. I tillegg får han foreslå ei draumesak til mediene og forklarar kvifor krimjournalistar og politi er nokså like.
Lytt til episoda no:
Nylige artikler
Politiet om alternative medium: – Er du journalist eller aktivist?
VG forbedrer resultatet – E24 med underskudd for åttende år på rad
Podme gikk med overskudd for første gang
Den rungende stillheten i NJ
Minst 132 færre årsverk i norske aviser på ett år
Mest leste artikler
Den importerte vreden: Hvordan Espen Teigen kopierer Tommy Robinson
– Hadde ikkje rustninga på
Alle mann til årene – NRKs bokanmelder dekker VM
NRK sender reportere til Venezuela
Kommer Polaris i spill, er det ikke gitt at Schibsted tar over