Meiner TikTok kan vere viktigare enn Dagsrevyen
NRKs ferske korrespondent har stor respekt for sin forgjengar, men vil også gjere ting anleis.
Malene Laura Solheim meiner unge nordmenn har eit nærare forhold til asiatisk kultur enn den eldre garde.
Foto: Krister Sørbø / NRK
Denne veka vart det kjent at Malene Laura Solheim er NRKs nye Asia-korrespondent, etter berre halvannan år som vikar i kanalen.
Ingen korrespondentar i NRK har vore så ung som henne.
I Journalistens podkast reflekterer ho over det å skulle arbeide i eit land der både kjelder og journalistar risikerer overvakning.
Vil vise kvardagen, ikkje berre storpolitikk
Solheim tek over etter Philip Lote, som har hatt to perioder som korrespondent. Dei to har nyleg samarbeidd, og Lote skryt av Solheim i sosiale medium.
Når 27-åringen tek over vil handelskrig, Taiwan, teknologi og kinesisk stormaktspolitikk vere ein del av arbeidskvardagen, men ho vil også vise andre sider av Kina.
– Eg trur nok eg kjem til å vere ein som fokuserer litt på det kulturelle. For meg er det òg litt det som har trekt meg til Kina, seier Solheim i Journalistens podkast.
Ho trekkjer mellom anna fram ein ungdomskultur i endring og ein veksande undergrunnsscene. Arbeidsløysa i Kina gjer også at mange står i ein annan røyndom enn tidlegare.
Pokémon, K-pop og sosiale medium
Solheim gjekk to år på vidaregåande i Kina, gjennom United World College i Changshu, har studert Aust-Asia og snakkar kinesisk.
Hennar relativt unge alder og interessa for ungdomskulturen i Asia meiner ho kan vere ein fordel når NRK prøver å nå yngre brukarar.
– Det er ei stor utfordring for alle redaksjonelle medium å nå unge og engasjere og konkurrere med sosiale medium og telefonen i lomma. Så eg likar å tru at dei har eit lite håp om at eg skal engasjere unge når dei har tilsett meg.
Høyr Journalistens podkast på Spotify:
Solheim meiner også at Asia allereie står nærare mange unge nordmenn enn ein kanskje skulle tru.
– Vi vaks opp med Pokémon og K-pop og sminke frå Korea, og vi ser «Chinamaxxing» på telefonane våre no. Det er litt nærare enn kanskje for foreldregenerasjonen.
Den ferske korrespondenten seier sosiale medium kjem til å få ein større plass i korrespondentjobben enn det ein har vore vand med.
På spørsmål om det er viktigare å vere på TikTok enn på Dagsrevyen, svarar ho:
– TikTok brukar vi ikkje i NRK, men kort sagt: ja.
Ho understrekar samstundes at ho også skal levere til Dagsrevyen og dei andre flatene til NRK.
– Kjem ikkje til å drive sjølvsensur
Men Solheim skal samstundes jobbe under heilt andre vilkår enn ho er vand med frå Noreg.
Ho seier ho er førebudd på at journalistjobben i Kina blir «ein heilt annan realitet», og at ho må lære seg kva spelereglar som gjeld.
– Eg kjem ikkje til å drive noko sjølvsensur. Så er det heller ikkje mi oppgåve å meine ting. Men eg kan alltids stille dei spørsmåla eg lurer på, seier ho.
Solheim seier kjeldevern blir viktig, og at ho må lære kvar grensene går.
– Det kan hende eg trakkar litt feil på vegen. Men derfor er eg veldig glad for å kunne samarbeide med vår lokale fotograf.
At ho snakkar språken er også ein fordel.
– Språket er jo det viktigaste reiskapen vi har som journalistar for å kome i kontakt med og tett på folk, for å få dei nære historiene.
I Journalistens podkast fortel Solheim også om kvifor ho flytta åleine til Kina som 17-åring, fenomenet «Chinamaxxing», kva saker ho trur blir vanskelegast å dekkje, og kva ho må ha med seg i kofferten når ho flyttar.
Følg Journalistens podkast på Spotify, iTunes, YouTube eller Podme.
Nylige artikler
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Snart kan Norden stå uten et finsk nasjonalt nyhetsbyrå
Regjeringen vil gjøre våpeneksport mindre åpen
PFU og «det forbudte innlegget»
DN-redaktøren om hackingen: – Da gikk alarmen hos oss
Mest leste artikler
Document republiserer PFU-felt innlegg: – Ser det som bevisst provokasjon
Steinar Suvatne leder ikke Debatten torsdag
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
NRK-korrespondent Philip Lote forteller om sykdom
Vårt Land-redaktøren klager Document til PFU