Medietilsynet ber kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen NRK om ein konkret plan for korleis nynorsk-kravet skal bli nådd for alle NRK-plattformer.
Foto: Nils Martin Silvola
Nynorsk
NRK bryt krav til nynorskandel på radio og nett
Medietilsynet krev ein handlingsplan.
Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
NRK oppfylte samfunnsoppdraget i samsvar med krava i 2021, bortsett frå kravet til nynorskandel på radio og nett. Det viser Medietilsynets tilsynsrapport, skriv tilsynet i ei pressemelding.
– Vi ber no NRK om ein konkret plan for korleis nynorsk-kravet skal bli nådd for alle plattformer, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet, i pressemeldinga.
NRK skal ha minst 25 prosent nynorsk på tv, radio og nett, og prosentkravet må være oppfylt for kvar enkelt plattform.
I 2021 blei kravet oppfylt berre på tv, mens radio og nett låg under med respektive 22,7 og 19 prosent nynorsk. NRK har aldri oppfylt kravet om 25 prosent nynorsk på nett, og på radio blei kravet brote både i 2020 og 2021, skriv Medietilsynet.
– Medietilsynet har ved fleire tilfelle understreka at NRK må gjennomføre systematiske tiltak for å nå kravet på 25 prosent nynorsk på alle medieplattformer, seier Velsand.
– Sjølv om NRK arbeider med tiltak for å auke nynorskandelen, og andelen nynorsk auka noko på nett i fjor, vurderer vi at det tar for lang tid. Medietilsynet ber derfor om ein konkret handlingsplan frå NRK.
Les heile rapporten frå Medietilsynet her
Nylige artikler
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
Krimduoen gjenforenes i TV 2
«True crime»-stjernen Paul Solotaroff: – Heldigvis finnes gribber og tigerhaier som meg
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK
KI-krangel i NRK Finnmark: – Ganske forbanna
Mest leste artikler
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK
Har dømt Dagbladet i årevis: – Nå har jeg faktisk troa
Krimduoen gjenforenes i TV 2
Politiet om alternative medium: – Er du journalist eller aktivist?
Den rungende stillheten i NJ