Demo-grunnleggarane vil helst snakke om gapet dei meiner har oppstått mellom pressa og folket, men brukar no tid på å svare på angrep frå andre medium.
Helle Hoås Gannestad, Bendik Mondal og Ingrid Tinmannsvik er dei tre medstiftarane i DemoFoto: Nils Martin Silvola
Demo er enno eit stykke frå målet i folkefinansieringa, som er 5000 medlemmar innan 12. februar, før dei har publisert ei einaste sak. Over helga har dei nådd 2000, viser nettsida.
– Vi er absolutt optimistiske. Vi opplev ein fantastisk energi og støtte frå dei grunnleggende medlemmene som er med, seier Ingrid Tinmannsvik.
Som ein av tre medstiftarar vil ho etablere ein norsk versjon av danske Zetland, eit medie utan reklame, støy og sensasjonsoverskrifter.
Kritikk frå etablerte medium
For litt over ei veke sidan skreiv Journalisten at dei tre medstiftarane berre eig 7,5 prosent av det norske selskapet til saman, og at det er danske Zetland som er største aksjonær og har gått inn med midlar i etableringsfasen.
«Demo har i månedsvis vært markedsført som «folkefinansiering», med hjemlige grundere som tar høy risiko, men er visst i realiteten en norgessatsning fra et dansk milliardkonsern», skreiv Filter Nyheter-redaktør Harald Klungtveit på Facebook.
Og fortsatte med «Ikke stjel klærne til små, uavhengige medier og mediegrundere som tar reell risiko».
Subjekt-redaktør Danby Choi kasta seg på med støtte av kritikken, men peika samtidig på at Klungtveit sjølv berre eig 0,36 prosent av sitt eige mediehus.
Også Morgenbladet, Klassekampen og Document har brukt spalteplass på å kritisere Demo, før dei i det heile tatt har fått starta opp.
«Folkefinansiering er en hul gimmick når Demo er eid av Nordens største mediekonsern», skriv kulturredaktøren i Morgenbladet.
Og i ein leiar i Klassekampen med namnet «Tiggerunde», skriv kulturredaktøren at: «Hvis Bonnier mente alvor med sin norske satsing, burde Demo-redaksjonen få slippe denne ydmykende tiggerunden med kniven på strupen».
Klassekampen er ein av få norske medium utan konserntilknytning, men får mest av alle i statsstøtte. Ein av avisas største aksjonærar, «Klassekampens Venner», ber om folkebidrag på si nettside.
Annonse
Demo fylte Pressens hus, til ein samtale om framtidas journalistikk.Foto: Espen Moe Breivik
– Ikkje ei Bonnier-satsing
– Dei har misforstått når dei hevdar at Demo er ei Bonnier-satsing, seier Tinmannsvik til kritikken og forklarar at dei var i gong flere månader før Bonnier kjøpte seg inn i danske Zetland.
– Demo er foreløpig finansiert av eit lån frå Zetland, med pengar som kjem frå deira danske betalande medlemmar. Det skal betalast tilbake når vi forhåpentlegvis når målet om å bli finansiert av eigne medlemmar, seier Tinmannsvik.
Ho understreker at openheit om korleis journalistikk blir finasiert styrkar tilliten mellom medium og publikum.
– Vi skjønar at nokon kan spørre om kvifor det er nødvendig med ei folkefinansiering, men for oss gir det ikkje mening å starte eit nytt medium dersom det ikkje er tilstrekkeleg interesse for det.
– Har de gjort dykk upopulære ved å antyde at andre medium berre er «støy» og «klikkjournalistikk»?
– Det lagast mykje god journalistikk i Norge. Problemet er at mykje av den druknar i støy. Nordmenn fortel oss at dei er lei av uklare overskrifte, og vi meiner at tida er inne for å peike på nokre av desse strukturane.
– For å vere heilt ærleg, det siste halvåret har vi konstatert at det er ei kløft mellom kva vi i mediene tenker om oss sjølv, og korleis folk opplev oss. Det er ei utfordring mediene bør bruke meir tid. Uansett kva ein tenker om Demo.
PODKAST: I september fortalde Tinmannsvik om kvirfor hun sluttet i fast NRK-jobb for å satse på Demo:
Nylige artikler
Meiner redaktørane har misforstått
Vil gi TV 2 advarsel etter reklametabbe
Var PFU på feil klode i møte med Thomas Seltzers univers?
17 kjappe
Det er behov for mer kritisk journalistikk om forskning
Mest leste artikler
Inviterte til podkastintervju etter PFU-fellelsene – blankt avvist
– Vil fraråde enhver konservativ å ta en debatt i Aftenposten
Var PFU på feil klode i møte med Thomas Seltzers univers?
NRK: Skal ha seks til åtte nye korrespondenter innen fire år
Sendte nynorsk-innlegg i retur