NJ-stipend – no igjen

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Under overskrifta «Bløff om NJ-stipend og ansiennitet» i Journalisten (5. november) klagar Dag Åsmund Larsson over at han aldri har fått NJ-reisestipend, trass i at han har NRK-ansiennitet frå 1972. Det har si naturlege forklaring:

Reisestipenda vert finansiert av vederlag for kopiering av trykt skrift og er ein metode for tilbakeføring av vederlaget til dei som har opphavsretten. Ordninga med reisestipend har eksistert sidan 1990 etter at NJ hadde fått etterbetalt vederlag for kopiering etter 1975. På vegne av dei som har opphavsretten har landsmøtet i NJ vedteke korleis pengane skal fordelast til beste for dei som har opphavsretten til det kopierte materialet. Pengane skal ikkje brukast til finansiering av fagforeiningsarbeid, men kan nyttast til utdanningstiltak, journalistfaglege seminar, sosiale tiltak og altså reisestipend m.m.

Punkt 1 i retningslinene lyder slik: «Reisestipend kan søkes av journalister, fotografer, tegnere og andre, fast ansatte eller frilansere, som jevnlig leverer redaksjonelt materiale til dags-, fag- og ukepressen samt frilansere som leverer redaksjonelt materiale til kringkasting.» Det går fram av utlysingsteksten.

Fast tilsette NRK-medarbeidarar vil då som oftast falle utanfor ordninga så sant dei ikkje kan dokumentere produksjon av trykt skrift som dannar grunnlag for kopieringsvederlag. Også medlemmar av NR vil falle utanfor fordi NR får utbetalt sin del av kopieringsvederlaget, men NR har vedteke å bruke midlane på andre måtar enn til reisestipend.

Også skribentar som ikkje er medlemmar i NJ har same rett som medlemar i NJ til å søkje og få tildelt reisestipend så sant dei sannsynleggjer at dei har hatt ein jamn produksjon av trykt materiale som går inn i den potten NJ krev kopieringsvederlag for.

Ved tildeling vert det lagt stor vekt på ansiennitet ut frå ein tankegang om at den som har arbeidd lengst i trykt presse, også har produsert mest som det er betalt ut kopieringsvederlag for. Ansienniteten i ordninga vert nullstilt ved tildeling av stipend, og ein må starte ny opparbeiding av ansiennitet i ordninga.

I punkt 6 i retningslinene heiter det mellom anna: «Ved tildeling blir det lagt vekt på søkerens ansiennitet i de medier som er omfattet av vederlagsordningene. Påberopt ansiennitet uten NJ-medlemsskap må dokumenteres.» Det står i utlysingsteksten.

Powered by Labrador CMS