NJ-stipend og ansiennitet

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

Eg er lei for det, men eg kan korkje gi Stein Kagge eller andre noko skikkeleg svar på kor lang ansiennitet ein må ha for å få tildelt NJs reisestipend. Det varierer frå år til år alt etter kor mange stipend komiteen har til disposisjon og samansetninga av søkjarlista. Talet og storleiken av stipenda vert fastsett av NJ (AU/landsstyret) etter å ha vurdert kor mykje dei vil bruke av vedlerlagsmidlar som er kome inn på fondet som finansierer reisestipenda. Som kjent er der landsmøtevedtak for korleis kopieringsvederlaget skal fordelast.

Ved siste tildeling fekk alle som hadde ansiennitet frå før 1988 i ordninga tildelt reisestipend så sant dei ikkje har fått før. Då vert dei nullstilt i ordninga og må opparbeide ny ansiennitet. Det vert gjort for å få ei rullering og mest mogleg rettvis fordeling av midlane. For dei ordinære reisestipenda er ansiennitet det viktigaste kriteriet for tildeling, men kor lang ansiennitet ein må ha for å kome med ved neste tildeling, veit ingen. Det veit vi først etter at vi veit kor mange stipend vi kan dele ut, og har sett søkjarlista for neste tildeling.

Det einaste som er sikkert, er at ein må søkje for å få.

Powered by Labrador CMS