Han sendte bilete inn til lokalavisa Varden, utan å ta noko for det. For tenåringen var det belønning nok å sjå bilete sitt på trykk.
Det heile gav meirsmak, og 14-åringen fekk politiradio av avisa, for å kunne følgje med dag og natt.
Sidan har han vore ein vellukka frilansjournalist og «blålysjeger», som fekk merksemd i ein P3 Dokumentar i 2016.
I dag er Valen fast tilsett i NRK Vestfold og Telemark. Og på NRKs breakingkonferanse heldt han nyleg foredraget «Kvifor kjem Theo alltid først?».
Svaret startar før alarmen går
Ifølgje Valen handlar svaret først og fremst om førebuingar.
Theo har alltid likt seg best «ute i felt».Foto: Fredrik Pedersen/NRK.
Når han kjem på jobb, er bilen ferdig pakka med kamera, fullada batteri, klede for all slags vêr og utstyr til direktesending.
– Vi er ute på nokre sekund dersom noko skjer.
Annonse
Men førebuingane stoppar ikkje der.
På veg til eit oppdrag bruker han digitale hjelpemiddel aktivt.
Han sjekkar mellom anna Google Maps for å sjå om trafikken står stille, vurderer alternative ruter og bruker lokalkunnskap for å finne snarvegar.
– Eg er ganske nerd på kart og elskar geografi, fortel han i podkasten.
– Ikkje bli ståande ved sperrebandet
Vel framme meiner han mange journalistar gjer den same feilen.
Dei blir ståande.
– Det viktigaste er kanskje å bevege seg litt rundt, ikkje bli ståande. Ved å gå rundt kan ein finne heilt andre vinklar og bilete enn resten av pressekorpset.
Nokre gonger betyr det å gå gjennom skogen. Andre gonger å finne ei høgd eller bruke terrenget på ein annan måte.
Målet er ikkje nødvendigvis å kome nærare, men å sjå noko dei andre ikkje ser. Eller oppdage kjelder eller detaljar ein ikkje ser med det første.
Her kan appar som Google Maps, FlightRadar, MarineTraffic og kamerakart kome til nytte.
I tillegg til det vanlege intervjuet med innsatsleiar og nødetatane, samt augevitner i området, er det mykje informasjon ein kan få av å berre vere på plassen.
Det meiner også krimjournalist i Dagbladet, Angelica Hagen, som gjestar Journalistens podkast saman med Theo.
– Bruk auga. Ser ein politiet bere ut ei pappeske, så kan det vere starten på ei sak. Kanskje er det beslag av våpen eller anna, seier ho.
I eit anna tilfelle, ved forsvinninga av Anne Elisabeth Hagen, såg journalisten politiet bruke ein spray som lyste blått.
– Etter samtale med ein tidlegare Kripos-etterforskar skjønte vi at det var politiet som leita etter blodspor. Da vart det saken, seier Hagen.
– Tenk lenger enn den første saka
Både Valen og Hagen oppmodar også journalistar til å samle informasjon dei kanskje ikkje treng der og då.
– Ta namn og telefonnummer til naboar. Ta bilete av postkasser. Dokumenter meir enn det som skal publiserast med ein gong, seier Hagen.
– Og ta bilete av folk i området. Kanskje står gjerningspersonen der, legg Valen til.
Han forklarer at det meste dei til bilete av frå ein åstad aldri vert publisert, men kan vere avgjerande dokumentasjon for ettertida.
Sikkerheit og ettertid
I podkasten deler dei også råd og erfaringar når det kjem til sikkerheit under krevande oppdrag.
Annonse
– På oppdrag som kan vere risikable, deler han posisjonen sin med kollegaer og har klare avtalar om innsjekking, seier Valen.
NRK-bilane er òg utstyrte med mellom anna gassmasker og anna tryggingsutstyr dersom situasjonen krev det, forklarar han.
Valen meiner ferske journalistar også bør ta psykiske reaksjonar på alvor.
– Etter ei alvorleg sak der eit barn var involvert nyleg, nytta eg for første gong psykolog gjennom NRK. Det hjelper å få snakka med nokon, og det hjelper å få det ut, seier han.
Valen og Hagen gjestar den første episoda av Journalistens podkast-serie «Klar når det smeller» i sommar. Der kan du høyre meir om erfaringar frå nokre av dei mest dramatiske hendingane dei har dekt, og råd dei gir til ferske journalsitar:
Nylige artikler
Forsvaret knebler ansatte og vernepliktige
Krimduoen gjenforenes i TV 2
«True crime»-stjernen Paul Solotaroff: – Heldigvis finnes gribber og tigerhaier som meg
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK
KI-krangel i NRK Finnmark: – Ganske forbanna
Mest leste artikler
Vil ha Scheie på Brasil-kampen – dette svarer NRK
Har dømt Dagbladet i årevis: – Nå har jeg faktisk troa
Krimduoen gjenforenes i TV 2
Politiet om alternative medium: – Er du journalist eller aktivist?
Den rungende stillheten i NJ