The New York Times satser kraftig på video

Espen Moe Breivik
nyhetsstudio
Avisa har 3,7 millionar følgarar på Tiktok.

Avisa si satsing på video omtalar dei sjølv som den største redaksjonelle omstillinga sidan overgangen frå papir til digital publisering.

I eit intervju med Business Insider seier sjefredaktør Joe Kahn at avisa er i eit «kappløp mot tida» for å sikre at kvalitetsjournalistikken når fram til unge brukarar på plattformar som TikTok, Instagram og YouTube Shorts.

– Vi vil alltid levere god journalistikk i tekstform. Men å tru at vi berre kan vidareutvikle tekst medan publikums medievanar endrar seg, er å stikke hovudet i sanden, seier Kahn.

Videosatsinga vil påverke heile redaksjonen. Målet er å gjere journalistikken tilgjengeleg i dei formata yngre målgrupper føretrekkjer, samstundes som avisa skal konkurrere mot KI-generert innhald og influensarar på dei store plattformane.

55 nye stillingar

Samtidig kunngjorde The Guardian førre veke at avisa opprettar rundt 55 nye faste stillingar innan mellom anna video, visuell journalistikk, datajournalistikk og sosiale medium.

Satsinga er del av eit fleirårig investeringsprogram for å gjere journalistikken meir digital, visuell, global og eksperimentell.

Powered by Labrador CMS