I NRK-serien Vår verdensarv reiser programleder Silje Nordnes på oppdagelsesferd til dei norske verdsarvstadane.
Foto: Fabelaktiv / NRK
Få minutt inn i første episode er ein KI-video brukt for å illustrerer korleis ein jeger i 1645 fann kopar på Rørosvidda, som starta bergverkshistoria i regionen.
Bruken av KI-generert innhald har skapt reaksjonar, sjølv om videoen er tydeleg merkt (sjå over).
«Dette har jeg gruet meg til, men nå er vi der: I NRKs Verdensarven, av alle programmer, droppet de å betale en illustratør eller finne en skuespiller. [...] NRK, som har vært et fristed for ræl, er ikke det lenger», skriv ein brukar på Reddit.
Fleire i forumet uttrykkjer liknande kritikk, og det blir oppmoda om å sende inn klager.
Også MDG-politiker og byrådssekretær i Trondheim, Mathias Kilsti Hals går ut mot NRK i ein post på Bluesky.
– Tester ny teknologi
TV-serien som hadde premiere denne veka, er produsert av Fabelaktiv i samarbeid med Norges Verdensarv, med støtte frå både stat, fleire kommuner, fylkeskommuner og ein stiftelse.
– Produksjonsselskapet har brukt KI for å teste ut korleis ein kan illustrere noko som skjedde for hundrevis av år sidan, forklarer sjef i innkjøpsredaksjonen i NRK, Fredrik Færden.
Berre éin episode er ute, men KI-illustrasjonar skal vere brukte i fleire episodar.
Annonse
– Det er på ingen måte grunnleggjande i serien, men små element som er tydeleg merkte, seier han.
Det har likevel vore reaksjonar internt i NRK. Til Journalisten opplyser kanalen at dei også har motteke minst 16 klager på programmet frå publikum.
– Det tenkjer eg er ganske få av dei mange som har sett første episode, seier Færden.
I tråd med NRKs retningslinjer
Innkjøpssjefen seier det har vore diskutert og avklart internt, og at det er i tråd med retningslinjene for KI i NRK.
– Retningslinjene seier at ein ikkje skal publisere bilete eller video laga av KI-tenester i nyheitssamanheng, kvifor er det uproblematisk i ein dokumentarserie?
– Handlingsrommet er litt annleis, og det er ein annan setting for sjåarane. Eg meiner denne bruken ikkje er villeiande eller står i vegen for det serien prøver å fortelje, seier Færden.
Journalisten har sett ei av klagene som er sendt inn, der det blir gjort eit poeng av at NRK som offentleg kringkastar ikkje bør redusere det menneskelege i kunst og journalistikk, og at dette svekkjer tilliten til publikum.
– Er det riktig at statsfinansierte NRK går fremst i å normalisere KI-genererte bilete i dokumentar, framfor å betale illustratørar eller skodespelarar?
– I denne serien har vi ikkje hatt alle hendene på rattet, men vi har kjøpt visingsrett frå leverandøren. I dette tilfellet har vi ikkje sagt nei til dette grepet, fordi det er innanfor regelverket, seier han.
Annonse
Kostnader ein del av forklaringa
Jonny Westernes har regi på serien frå Fabelaktiv, og seier det har vore eit nyttig verktøy for dei som lagar historiske doumentarar.
– Det har hjulpe oss å levandegjere og fortelje ting vi ikkje har bilete av, seier han.
Både NRK og Fabelaktiv påpeiker at dette ikkje er ein stor eller veldig kostbar produksjon.
– Vi har måtte produsere kostnadseffektivt. Da har vi ikkje budsjett til scener som viser båtar med steinaldermenneske ute på det opne hav. Slikt hadde vore krevande og kostbare å dramatisere eller animere, seier Westernes.
KI var ikkje førstevalet
Han innrømmer likevel at KI ikkje var førstevalet.
– Vi har gjort mykje research for å finne anna materiale. Det var ikkje førstevalet, men meir ei nødvendigheit. Vi har ikkje brukt KI på scener i nær fortid, men på noko av det eldste, og berre der det har gitt eit betre resultat.
Westernes forstår likevel at temaet skaper diskusjon. Det same gjer NRK-sjefen som har kjøpt inn serien.
– Den teknologiske utviklinga skjer fort, og det skjer spanande ting innanfor kunstig intelligens i alle bransjar. Dette er ei vidareføring av CGI og nye måtar å gjere ting på. Selskap vi kjøper inn frå må òg kunne utforske moglegheitene som finst i teknologien, seier Færden.
På Reddit er det også enkelte som tek NRK og KI-bruken i forsvar:
«Vurdere innholdet i seg selv, ikke hvordan det er skapt», skriv ein brukar. «Ikke la luddittene stoppe dere fra å bli med inn i fremtiden», skriv ein annan.
Nylige artikler
NRK forvarer KI-bruk i ny tv-serie
Mediene bør møte Russlands trusler med kontekst
Schibsted i brev: Ba Datatilsynet dempe kritikken
Fengslet i Uganda: – Fullstendig sykt
Gikk 37 skiturer da han mistet jobben
Mest leste artikler
Sa opp jobben og satset alt på Oslo-fotballen
Gikk 37 skiturer da han mistet jobben
Digitalredaktøren i Rana Blad har saksøkt avisa
«Rettssikkerhet for alle!» klager Morgenbladet til PFU
Schibsted i brev: Ba Datatilsynet dempe kritikken