I ei medieverd der lokalaviser blir samla i stadig større konsern, held familien Aarflot fast på avisa Møre. No er Tonje klar for å arve redaktørjobben etter far.
Tore Aarflot (68) er framleis aktiv i drift av lokalavisa i Volda, medan dotter Tonje Marie Aarflot (39) tek eit stadig større ansvar.Foto: Espen Moe Breivik
I 2004 spådde mediehistorikar Øystein Sande at Tore Aarflot kom til å bli siste generasjon Aarflot som dreiv lokalavisa Møre i Volda. Men no, over 20 år seinare, er Tonje Marie Aarflot (39) klar til å ta over etter faren, som redaktør og dagleg leiar.
Volda-avisa er rekna som Noreg si første avis på bygda, og den eldste som framleis er i drift, stifta som Norsk Landboeblad i 1810 av Sivert Aarflot. Tonje sin tipp-tipp-tippoldefar.
På kontoret heng første utgåve av Norsk Landboeblad frå 1810, og ein siluett av grunleggar Sivert Aarflot.Foto: Espen Moe Breivik
– Har du eigentleg hatt noko val? spør Journalisten.
Ho ler litt av spørsmålet.
– Eg gjekk studier og anna som førte meg ut av bygda, men så trong Møre ein vikar på grafisk. Og sidan har eg blitt verande.
Og arbeidsoppgåvene har blitt fleire.
– No gjer eg alt frå rekneskap, abonnement, fiksar IT-problem og alt mogleg. Av og til er eg også vaktmeister, seier ho med eit smil.
– Ikkje fått kritiske spørsmål
Familieeigde verksemder er kanskje ikkje uvanleg, men i Møre har også redaktøransvaret blitt verande i Aarflot-familien.
– Ei lokalavis sit med betydeleg makt i eit lokalsamfunn. Er det riktig at ein slik posisjon skal gå i arv?
– Du skal gjere ein jobb. Du skal ikkje utøve politisk makt. Du skal halde deg innanfor journalistiske rammer, seier Tore.
Annonse
Dei seier dei ikkje har fått kritiske spørsmål om dette, men Tonje har blitt spurt av fleire om det er ho som skal ta over.
Tonje planlegg morgondagens papiravis. På veggen heng også bilete frå opninga av store samferdsleprosjekt i området, og utgåver frå den spesielle corona-tida.Foto: Espen Moe Breivik
Møter kjelder på butikken
Å avdekke kritikkverdige forhold er blant kjerneoppgåvene til pressa, men kor viktig er dette for Møre?
Tore viser til uttrykket om at lokalaviser skal vere både «limet og lupa» i lokalsamfunnet.
– Vi skal vere kritiske, det er samfunnsoppdraget vårt. Vi skal også vere glade, optimistiske og fortelje dei gode historiene, seier han.
– Klarer de, på ein liten stad, der «alle kjenner alle», å vere uavhengige og kritiske?
– På små stader blir konsekvensane av journalistikken meir synlege. Kjelda ein skriv kritisk om må ein kanskje møte att på butikken dagen etter. Derfor må det vere gjort på ein skikkeleg måte, seier Tonje.
Dei meiner derfor at kritisk lokaljournalistikk skjerpar krava. At det er utfordrande, men ikkje umogleg.
Ingen større eigarar i ryggen
Møre har sju fast tilsette, i tillegg til ekstrahjelp, og kjem ut på papir tysdagar og fredagar til i underkant av tre tusen abonnentar. Samstundes satsar avisa stadig meir digitalt, og tilbyr tenester som digitaltrykk av bøker og magasin.
Møre har ingen større eigar i ryggen, og planlegg heller ikkje å få det.
– Så lenge ein klarer å drive sjølvstendig, er det jo det ein vil. Det er det som er kjekt, seier Tonje.
Ho legg ikkje skjul på at det ligg ei viss stoltheit i det.
– Folk forventar kanskje at når ein står åleine, så vil ein ikkje klare seg. Men vi kan klappe oss sjølve på skuldra når vi år etter år klarer å vere den som ikkje er eigd av eit stort konsern.
Har vore forsøkt oppkjøpt
Dei innrømmer overfor Journalisten at det har vore interesse utanfrå for Møre, men familien har ikkje vore interessert i å selje.
– Vi greier oss godt sjøl. Vi trivst slik, seier Tore Aarflot.
Å stå utanfor eit konsern betyr likevel ikkje å stå åleine, påpeiker han.
Møre samarbeider med andre lokalaviser, mellom anna om abonnementsløysingar og deltek i nettverk gjennom Landslaget for lokalaviser.
– Vi samarbeider på ein heilt annan måte enn då eg byrja i dette faget, seier Tore, som har vore redaktør sidan 1997.
Sjølv om lokalavisa ikkje får «stordriftsfordelar» i eit konsern, meiner han det gir fordelar å vere små.
– Vi kan snu oss mykje raskare enn aviser som er eigde av store konstellasjonar.
Annonse
Generasjonar med utstyr: Møre har vore gjennom mange tekniske revolusjonar, og samlar på noko av det gamle utstyret.Foto: Espen Moe Breivik.
Fornying og konkurranse
Tore meiner at evna til å endre seg har vore avgjerande for at avisa framleis står på eigne bein. At sjølvstende ikkje er det same som å halde fast ved det gamle.
– Du må ikkje tru at du har funne opp krutet. Det gjer du aldri. Du er nøydd til å vere med på utviklinga. Korleis gjer vi det i morgon? Det er ein diskusjon vi aldri blir ferdige med.
Dei siste åra har Møre mellom anna forsøkt å rette meir av journalistikken mot yngre lesarar og styrkt nettsatsinga. Likevel er papiret framleis viktig.
– Mange vil ha avisa fysisk på bordet. Samstundes blir distribusjon stadig dyrare, og kostnaden ved å trykkje kvar avis aukar når papiropplaga går ned, seier han.
Møre trykker også bøker og magasin i eigne lokaler.Foto: Espen Moe Breivik.
Det er ei av utfordringane den nye redaktøren arvar.
– Det er spennande utfordringar. Viss ikkje ein er med på utviklinga som skjer, då er det kroken på døra, seier ho
Møre er heller ikkje aleine om å dekke det som skjer i Volda og Ørsta, det gjer også Møre-Nytt og regionavisa Sunnmørsposten. Ørsta-avisa var òg ei familiebedrift, men vart mellom 2007 og 2010 ein del av Polaris Media.
Vil ikkje tvinge neste generasjon
For den nye redaktøren følgjer det eit ansvar med avisa si historie unike historie.
– Eg har ikkje lyst til å øydeleggje det. Eg har lyst til at det skal leve vidare.
Om det også må bli ein åttande generasjon Aarflot i sjefsstolen, vil ho ikkje spå.
– Eg har ikkje tenkt å tvinge barna mine til å gå inn i avisa. Det må dei bestemme sjølve, seier ho.
Tore Aarflot vaks opp i huset som i dag er avisa sitt kontor i Volda sentrum. No vil dei utvide bygget med fleire lokaler til avisa, samt bustader.Foto: Espen Moe Breivik
For far Tore har ei gradvis nedtrapping alt byrja. Han innrømmer at det er vanskeleg å halde seg heilt unna, men vil heller ikkje bli ein sjuande far i huset.
Annonse
– Eg ser for meg å kunne skrive litt når eg sjølv vil. Å kunne kose meg med det. Det har jo blitt nokre bøker også, seier han.
Når han i kvardagen uansett er tidleg oppe bidreg han med å sjekke politiloggar og liknande, for å oppdaterer nettavisa, forklarar han. Og så driv han litt med koding og kunstig intelligens også.
– Det må nok ei omstilling til etter eit langt liv med avis, seier dotter.
– Eg hadde valt avisarbeid i mitt neste liv også, seier han.
Han omtalar journalistyrket som ein privilegert plass å vere.
– Vi får sitje på losjeplass i livets sirkus.
No er det dottera som får denne plassen. Og far har eitt råd:
– Du er nøydd til å bli den redaktøren du sjølv vil vere.
Til opplysning starta underteikna si journalistkarriere i avisa Møre som 15-åring.
Nylige artikler
Sjuande generasjon i redaktørstolen
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
17 kjappe
De som nekter å la bøllene vinne
NRK vil kutte i researchtilbud
Mest leste artikler
NRK-veteraner skildrer korrespondentlivets skyggesider: – I leiligheten var det mikrofoner i veggene
Da leserne ikke skjønte hvor flink han var, måtte Kjetil Østli tenke nytt
Når mainstream media fremmer konspirasjonsteorier
Selv om Hans Rustad blir kastet ut, er det ikke han som står igjen som den største taperen
Malene Laura Solheim er ny NRK-korrespondent