Vegard Flatøy har vore journalist i avisa Nordhordland sidan hausten 2020
Foto: Eva Neteland / Amedia
MEDIEFOLK:
Vegard Flatøy er tilsett som redaktør i Nordhordland
– Dette betyr veldig mykje for meg, fordi hjartet mitt er i Nordhordland.
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Vegard Flatøy (36) er tilsett som ansvarleg redaktør og dagleg leiar i lokalavisa Nordhordland, skriv Amedia i ei pressemelding.
Han kjem frå stillinga som journalist i avisa.
– Dette betyr veldig mykje for meg, fordi hjartet mitt er i Nordhordland. Då meiner eg både i avisa og i regionen, seier Flatøy i pressemelding.
Flatøy har vore journalist i avisa sidan hausten 2020
Flatøy har òg markert seg som ein grunder innan kulturlivet, og er mannen bak den lokale festivalen Flatøy Rock.
Styreleiar i Avisa Nordhordland, Svein Atle Huus, seier han er svært glad for at Flatøy har takka ja til jobben.
– Med den varierte bakgrunnen, den solide forståinga og engasjementet for journalistikken og lokalavisa si rolle i lokalsamfunnet, har eg stor tru på at han vil bli ein god leiar for avisa i ein tøff konkurransesituasjon i kampen om å vinna tida til folk.
Avtroppande redaktør Sølve Rydland startar som politisk redaktør i Bergensavisen i mars.
Nylige artikler
Sol-nedgang: Halverte tall
17 kjappe
Analyse pekte på «systematisk overtredelse av presseetikken» – men Document fikk pressestøtte
Hva har KI-eksperten egentlig gjort?
Tale er sølv, å gjenta hva andre har sagt, er tull
Mest leste artikler
NRK etter KI-funn: – Kan ikke utelukkes
Åpent brev om utmelding av Norsk Redaktørforening
Drastisk fall for Dagbladet – mistet 25 prosent av leserne
NRK testar alternativ til israelsk teknologi
– Tildelt rollen som representant for «konspirasjonsteoretikerne»