Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
Avisa Verdens Gang klarte 8. mai det klinisk psykopatiske kunststykket å opplyse heileNoreg om kva for eit verkty som vart brukt for å drepe eit fem år gammalt menneske. Slike ekstremt spekulative førstesideoppslag har eg fått nok av. Tittelbruken er for brutal. Etter dette vil eg ikkje kjøpe avisa, og eg oppmodar alle andre om også å la vere. Dersom vi held fram med å kjøpe slikt laussal-søppel, vil vi verte like avstumpa som drittsekkane på desken. Difor: Eg har kjøpt mi siste VG. Eg kjem til å sakne kryssordet.