I den nye NRK-serien «Annika x Urix» reiser programleiar og komikar Annika Momrak verda rundt med NRKs utanrikskorrespondentar. Ho håper den nye TV-serien kan få fleire til å forstå ei verd dei helst vil snu seg vekk frå.
– Eg har lenge følt at verda er litt håplaus og dyster. Det kan gje meg eit instinkt om å snu meg vekk, seier Annika Momrak i Journalistens podkast.
Det er ho ikkje aleine om. Ung-undersøkinga til Opinion viser at 32 prosent av unge mellom 15 og 25 år bevisst unngår nyheiter.
Momrak gjesta podkasten saman med Wolasmal. Dei to reiser til Israel saman, i episoda som har premiere neste veke.
Høyr samtalen i Journalistens podkast:
Tiktok versus dybde
Momrak meiner måten unge får informasjon på, kan vere ein del av problemet, og viser til algoritmestyrte sosiale medium, der sterke kjensler og dramatiske bilete ofte får mykje merksemd.
– Mykje av det er sant. Mykje er kanskje ikkje sant. Det blir vanskelegare og vanskelegare å sjå forskjellen på.
Ho håper den nye serien kan bidra til å forklare samanhengane bak dei dramatiske overskriftene, særleg for dei som har falle av nyheitsdekninga.
– Kanskje sit dei med spørsmål dei tenkjer er for dumme å stille, eller at det er for seint å stille dei no. Klarer vi å nå nokre av dei, er eg veldig fornøgd.
I Ukraina-episoden møter Annika norske Kevin, som kjemper ved fronten i Ukraina.Foto: Marius Revold / NRK
– Trakka i salaten
Annonse
I serien reiser Annika blant anna til Ukraina med Fredrik Tombra, til Taiwan med Philip Lothe og til Israel og Palestina med Wolasmal.
Den erfarne korrespondenten fortel i podkasten at han var imponert over korleis Momrak takla møtet med journalistkvardagen. Han rosar både spørsmåla hennar og måten ho møtte krevjande situasjonar på.
– Det var ingen blemmer. Annika trakka ikkje i salaten, seier han.
Men då protesterer Momrak.
– Det er ikkje heilt sant. For eg hugsar at eg fekk litt tilsnakk.
Ho viser til ein situasjon der ho trekte fram mobilen for å filme israelske soldatar på Vestbreidda. Da måtte Wolasmal gripe inn.
– Ja, det stemmer. Annika trakka i salaten likevel, og ho gjorde det på verst tenkjelege stad. Dette var på det største militære kontrollpunktet på veg ut av Vestbreidda, seier han.
– For meg var dette første gong eg opplevde noko slikt. Instinktet var å ta fram mobilen og filme, seier Momrak.
– Fekk hjartet i halsen
Det var ikkje Wolasmal særleg begeistra for.
– Vi var omringa av tungt væpna, unge israelske soldatar, og der finn Annika ut at ho skal dra opp mobilen og filme, sjølv om det sto over alt at det ikkje var lov. Så da fekk eg hjartet litt i halsen, var kanskje litt streng og ba ho om å slette bileta, fortel Wolasmal.
Annonse
I podkasten fortel Annika kva ho endte opp med å gjere.
I episoda fortel ho og Wolasmal også om kva dei har lært av kvarandre, om konfrontasjonen dei hamna i med ein israelsk journalist, samt kvifor Annika sin tur til Ukraina vart farlegare enn først venta.
Nylige artikler
Fekk tilsnakk av korrespondenten: – På verst tenkeleg tidspunkt
Redaksjonen betalte da Dagbladet-profilene fikk hårtransplantasjon
KI er journalistenes Viagra
Nektes pressestøtte på grunn av adressen: – Veldig merkelig
Aller Media kjøper 30 prosent av Subjekt
Mest leste artikler
Debatten-seertall: Slått av Solvang
NRK: «Tung og legitim grunn» til oppsigelse av ansatt
Skuffende god oppførsel fra avisene som stjal Tore Strømøy fra Tyholttårnet
NRKs Fredrik Tombra forlenger oppholdet i Ukraina
Nektes pressestøtte på grunn av adressen: – Veldig merkelig