– Hadde ikkje rustninga på

Dagbladets krimjournalist Angelica Hagen fekk eit nytt syn på bearbeiding av sterke inntrykk etter terrorhendinga under Pride for fire år sidan. No reiser ho heller ikkje nokon stad utan pressekort.

Den erfarne journalisten forandra syn på fleire ting etter skytinga ved London Pub i 2022.
Publisert
Lesetid: 2 min

Då skota fall utanfor London Pub natt til 25. juni 2022, var Dagblad-journalist Angelica Hagen tilfeldigvis i området.

Ho ofra frikvelden og var blant dei første journalistane på staden. Politiet hadde enno ikkje fått sperra av området skikkeleg.

– Eg såg med ein gong at dette var dramatisk. Det låg livlause menneske på bakken, folk var i sjokk, fortel ho i Journalistens podkast.

Overraska over eigen reaksjon

Dagen etter var den erfarne journalisten tilbake på jobb, etter minimalt med søvn. Ho kjente på eit sterkt behov for å snakke med noko, og tok dåverande vaktsjefen, Jørgen Gilbrant, til side.

– Så byrja eg berre å gråte.

– Eg har vore på mange åstader. Eg har aldri fått ein slik reaksjon før.

I etterkant fekk ho hjelp til å forstå kvifor opplevinga kanskje trefte annleis enn andre store hendingar.

– Bedriftspsykologen sa «Du hadde på deg shorts. Du hadde ikkje pressekortet tilgjengeleg. Rustninga var av.»

Hagen var jo ikkje på jobb denne varme somarkvelden, ho hadde vore ute med ei venninne. 

– Eg kjende meg ikkje mentalt førebudd på å vere journalist i den situasjonen.

Endra syn på psykologhjelp

No reiser ho aldri heimanfrå utan pressekortet. Hendinga endra også synet hennar på behov for profesjonell oppfølging etter sterke inntrykk.

– Eg fekk først spørsmål om eg hadde behov for det, og eg følte eigentleg ikkje at eg trong det. Men så var det berre: Slik blir det.

Ho opplever at mediebransjen har blitt flinkare til å ta vare på journalistar som jobbar tett på krig, terror og andre alvorlege saker.

– Vi har alltid hatt psykologar tilgjengelege i Dagbladet, men no hentar vi dei inn sjølv om folk ikkje ber om det.

Takka nei, sleit med å sove

Hagen meiner haldningane i bransjen har endra seg til det betre.

– Då eg var yngre, tenkte eg nok meir at ein berre måtte tole slikt i jobben vår.

Nokre år tidlegare skulle ho verifisere ein video av eit brutalt drap på to unge kvinner i Marokko. 

– Eg vart spurd etterpå om eg trong nokon å snakke med, og eg svarte nei. Men eg sleit med å sove i fleire veker.

– Eg har blitt vaksen nok no til å forstå at det ikkje er farleg eller flaut å seie at ein vil snakke med nokon.

Klar når det smeller

Hagen er ein del av serien «Klar når det smeller» i Journalistens podkast denne sommaren. Serien set fokus journalistikk under dramatiske hendingar.

I episoden delar ho lærdom og erfaringar frå skadested, saman med «blålysjeger» Theo Aasland Valen frå NRK.

Høyr episoden no: 


Podkastserien er produsert i samarbeid med NJ Oslo og Oslo Redaktørforening. Journalisten er eigd av NJ, men redaksjonen er uavhengig.

Powered by Labrador CMS