Debatt:

«I sum ser me ein kraftig maktkonsentrasjon ved at konserna kontrollerer mykje av infrastrukturen i bransjen. Kan politikarar og tilsynsmyndigheiter akseptere ein slik maktkonsentrasjon?» Illustrasjonsbilde. Foto: Kristine Lindebø

Kor lenge har me uavhengige lokalaviser?

– Ein krevjande situasjon som bør bekymre alle.

Publisert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.

I løpet av kort tid har to avisgrupper fått nye eigarar. Amedia har kjøpt opp Nordsjø media og Polaris er i ferd med å bli hovudaksjonær i Agderposten Medier AS som blir gjort om til Polaris Medier Agder AS. Med desse oppkjøpa blir konserna endå meir einerådande i avismarknanden. Kor lenge kan uavhengige lokalaviser greie seg i dette landskapet?

Norge kan stolt vise til ein rik skog av lokalaviser. Kulturminister Trine Skei Grande (V) framsnakka lokalavisene då ho la fram mediemeldinga i mars i år. Lokalavisene er nødvendige for å sikre lokaldemokratiet, var bodskapen hennar.

Det var gode og riktige ord. Lokalavisene er både lim og lupe i lokalsamfunnet og -demokratiet. Men korleis er vilkåra for desse avisene? Korleis overleve i den digitale omstillinga der ein må slåst med globale aktørar på annonsemarknaden, og der ein er heilt avhengig av ein infrastruktur dominert av tre store konsern – Amedia, Schibsted og Polaris?

Av dei vel 200 avisene her i landet er om lag 60 små og uavhengige (under 6000 i opplag) – altså ikkje eigd av konsern. For å lage gode digitale produkt og papiravis er avisene avhengige av ein infrastruktur i form av digital teknologi, distribusjon og trykk.

Teknologi

La oss sjå på infrastrukturen. For å henge med i den digitale utviklinga treng lokalavisene tilgang til teknologi og kunnskap. Lokalavisene eigd av Amedia, Schibsted og Polaris har denne tilgangen. Dei uavhengige avisene derimot må løyse dette aleine eller søke samarbeid med andre.

Partnerskaps-samarbeidet mellom Agderposten Medier og 17 lokalaviser, som vart etablert i 2017, er eksempel på slikt samarbeid – eit samarbeid utanom dei store konserna. Med Polaris sin inntreden i Agderposten Medier endrar dette biletet seg. Lokalavisene er ikkje lenger knytt til ei lita avisgruppe, men eit større konsern.

Dette reiser viktige spørsmål. Vil Polaris i framtida akseptere ein slik partnerskap med uavhengige lokalaviser? Og på eit meir generelt grunnlag: Vil konserna gi lokalavisene tilgang til teknologi og kompetanse utan å stille krav om eigarpost? Og til kva pris? Eller vil konserna stenge uavhengige lokalaviser ute?

Distribusjon

Avisdistribusjonen er også i store endringar. Posten reduserer sin frekvens til annankvar dag, og vil ikkje lenger kunne distribuere aviser. Som ei overgangsordning på tre år gir staten støtte til aktørar som vil ta over denne verksemda. Men kva skjer ved neste korsveg?

Dei færraste lokalavisene har bygd opp eigen distribusjon – og vil heller ikkje makte det. Etter tre år risikerer me at avisene blir heilt avhengige av bransjedistributørar. Og kven er dei? I all hovudsak snakkar me om eitt selskap – Helthjem Mediapost – eigd av Amedia og Schibsted.

Med andre ord: Konserna kontrollerer store deler av avisdistribusjonen. Me forventar at andre aktørar og dei uavhengige avisene får tilgang til distribusjonen, men til kva pris?

Trykk

Talet på trykkeri er kraftig redusert. Rett nok eksisterer det framleis nokre mindre og uavhengige trykkeri. Men i store delar av landet er det konserna som kontrollerer også denne delen av infrastrukturer i medie-Norge. For mange aviser er dette situasjonen: Der ein for nokre år sidan kunne hente inn tilbod frå tre eller fire trykkeri, er det i dag berre eitt trykkeri – som er konserneigd.

Kva posisjon har ei uavhengig lokalavis når det neste gong skal forhandlast trykkeriavtale?

Maktkonsentrasjon

I sum ser me ein kraftig maktkonsentrasjon ved at konserna kontrollerer mykje av infrastrukturen i bransjen. Kan politikarar og tilsynsmyndigheiter akseptere ein slik maktkonsentrasjon? Etter vårt syn er tida moden for å stille krav overfor konserna som sikrar andre aktørar og dei uavhengige avisene tilgang til nødvendig infrastruktur og til riktig pris.

Mediemangfald

Kvifor er dette viktig?

Mediemeldinga som vart lagt fram i vår framhevar verdien av eit mediemangfald. Politkarane ønsker mangfald. Er det då likegyldig kven som eig avisene?

Konserna eig i dag over halvparten av lokalavisene her i landet. Kva kjenneteiknar desse? Jau, fyrst og fremst ei uniformering av tankesett. Det blir tenkt likt, anten det er strategi, innhald eller presentasjon. Me ser det i form av stoffutveksling og avisutforming på store produksjonsfabrikkar. Konsernavisene representerer einsretting, ikkje mangfald.

Dei uavhengige lokalavisene står for det motsatte. Dei bidreg med anna tankesett og andre produkt. Dei skaper mangfald.

Under press

Lokaleigde lokalaviser leverer godt innhald og bidreg i høgste grad til mediemangfaldet. Men gruppa er utsett ved å vera heilt avhengig av ein infrastruktur (teknologi, distribusjon og trykk) som i dag blir kontrollert av dei store konserna. Vår eksistens vil i ytterste konsekvens kvile på konsernas velvilje.

For dei større, uavhengige lokalavisene (opplag over 6000) er det heller ingen draghjelp i produksjonsstøtte (pressestøtte). Det er desse avisene som har gått i bresjen for teknologisk samarbeid med Agderposten Medier; Hallingdølen, Hordaland, Sunnhordland og Bladet Vesterålen. I tillegg kjem Eidsvolds Blad. Dette er dei fem lokaleigde lokalavisene som må løyse alt av innhald og produksjon, samt infrastruktur, utan ei krone i pressestøtte. Til samanlikning får aviskonserna over 43 millionar kroner i pressestøtte av lokalavis-potten.

Bekymringa gjeld også framtidige, uavhengige aviser. Utan sikkerheit for nødvendig infrastruktur vil ingen våge å starte opp nye aviser. På grunn av aviskonsernas kontroll risikerer me både at dagens uavhengige lokalaviser gir opp og blir slukt av konserna, og at ingen nye aktørar kjem til.

Dette er ein krevjande situasjon som bør bekymre alle som er opptekne av mediemangfald, ulike røyster i samfunnsdebatten og demokrati.

Powered by Labrador CMS