PETIT:
Journalistisk FOMO og sutring
Eg vil tenner eit lys for kongefamilien, men også alle journalistar som hadde turnusfri.
Dette er en petit. Teksten uttrykker skribentens egne synspunkter.
Om ein er født sånn eller blitt sånn er eg usikker på, men breakingjournalistar har ei innebygd trang til å vere der det skjer. Eit instinkt om å kome tett på dei store nyheitene.
Løna til oss journalistar macher ikkje alltid dedikasjonen og mengden stress, men adrenalinet som slår inn når «raudlyset» går på, eller når du er først ute med ei sak, er vanskeleg å måle i pengar.
Dette er både ei velsigning og ein forbannelse.
Ei velsigning for å vere engasjert i jobben, kjenne på betydning og mestring. Ei velsigning for arbeidsgivar som opplev at folk melder seg frivillig til å jobbe, når store ting skjer.
Ein forbannelse fordi feriar blir avbrutt, ein stikk av frå julebordet og droppar familiemiddagen (nok ein gong) for breaking news. Ikkje fordi sjefen tvingar deg, men fordi det rykker i rykkefoten.
Ikkje rart journalistar og nyheitsreporterar har ei relativt høg skilsmisserate.
Dressen hang klar
Kva skjer da med stoltheita når ein ikkje er der, når ting skjer?
I fleire år var eg ein del av planen for dekning av kongens død. Vi hadde øvd, manuset var skrive og den svarte dressen hang klar.
27. august befinn eg meg i København. På det som skulle vere ein romantisk kjærastetur. Samtidig er det alvorleg for kongen.
På den «mobilfrie» helgeturen blir eg sittande å scrolle. Sjekke Slack, eit titalls aviser og chatte med journalistkollegaer i ulike mediehus.
Men bankinga eg gjorde i bordet dagen før (ja, av treverk) fungerte ikkje.
Dagen etter, klokka 06:35 dør kongen vår.
Sightseeinga i Køben blir bytta ut med tv-surfing på hotellrommet. Mellom NRK, SVT og DR. Til og med på BBC og CNN er dette blant dei store nyheitssakene, sjølvsagt.
Det einaste eg klarer å tenke på er: eg er ikkje på jobb. Eg var ikkje der da det skjedde.
Sutring og kondolanser
Det hjelp ikkje at flagga blir firt på halv stang i byen, at snakkisen overalt, også her, er den norske kongens død.
Kjærasten skjønar ikkje kva eg sutrar over. Det er vel meir synd på kongefamilien enn på meg?
Eg grip igjen etter telefonen, for å snakke med «mine eigne». Eg snakka med ei som er i mammapermisjon, to andre journalistar som er på ferie, ein på veg heim i fly. Alle forstår vi kvarandres sorg og sutring.
Vi vart ikkje journalistar for å ligge i ei solseng, når kollegaene får melde ei av vår tids største mediehendingar.
Da er det lite deilig å vere norsk i Danmark.
«Kondolerer» seier resepsjonisten. Han forsto tydelegvis korleis eg hadde det.
Nylige artikler
Journalistisk FOMO og sutring
Rasende nyhetssjef: – De har skremt folk til å signere dårlige sluttavtaler
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Eikernytt fyller 20 år – nå vil redaktøren selge avisa
Foreslår at Altinget saksøkes: – Gi dem en smekk
Mest leste artikler
Var alt Harald gjorde helt konge – og når er det greit å snakke stygt om de døde?
Publiserte bilde av Mette-Marit med «spybøtte»: – Stor dokumentasjonsverdi
Publiserer siste Altinget-artikkel på tirsdag
Venter på beskjed: – Det er trist
Brutalisering av arbeidslivet