DEBATT:
Når pressestøtta skaper skeiv konkurranse
Pressestøtta skal sikre mangfald og rettferdig konkurranse. For Dag og Tid bidreg ho i dag til det motsette.
«Det norske mediemangfaldet er ein styrke. Men mangfald føreset òg at aktørane konkurrerer på rimelege vilkår», skriv Åshild Mathisen.
Foto: Dag og Tid
Formålet med den norske mediestøtta er tydeleg: Ho skal leggje til rette for eit mangfald av redaktørstyrte medium og sikre reell konkurranse i mediemarknaden.
Men i dag ser vi eit konkret døme på at ordninga gjer det motsette. To aviser som i praksis er svært like – Dag og Tid og Morgenbladet – blir behandla ulikt i regelverket.
Som det står i rapporten «Mediestøtte og mediekonvergens» frå 2025, utarbeidd på oppdrag for Medietilsynet: Skiljet skaper «en uheldig konkurransevridning mellom to publikasjoner som konkurrerer direkte med hverandre og som i praksis, form og innhold er temmelig like».
Eit skilje på 20 årsverk
Forklaringa ligg i korleis støtteordninga er skrudd saman.
Skiljet mellom «nasjonale nummertomedium» og «nasjonale nisjemedium» går i praksis ved ei grense på 20 redaksjonelle årsverk, talde som faste tilsette.
Morgenbladet er over grensa og får støtte som nummertomedium. Dag og Tid er under og blir klassifisert som nisjemedium.
Konsekvensen er ein dramatisk skilnad i støtte. Dei tre siste åra har Morgenbladet fått 59,4 millionar kroner meir i pressestøtte enn Dag og Tid.
Når målepunktet bommar
Problemet er ikkje berre kvar grensa går – men kva som blir målt.
Dag og Tid er ei avis som i tillegg til ein redaksjonell stab på 13 personar også byggjer på eit breitt nettverk av faste skribentar. Over 50 bidreg jamleg. Det gir ei stor breidde i perspektiv – geografisk, kulturelt og fagleg – og styrkjer både innhaldsmangfaldet og meiningsmangfaldet i allmenta.
Denne typen redaksjonell kapasitet blir i liten grad fanga opp når det er faste årsverk som avgjer kva kategori ei avis hamnar i.
Resultatet er at ei arbeidsintensiv avis med høg produksjon og breidde ikkje får utteljing på linje med ei avis som er organisert annleis.
Eit regelverk som ikkje treffer røynda
Digitaliseringa har gjort det vanskelegare å trekkje klare skilje mellom ulike typar medium.
Likevel byggjer støtteordninga framleis på kategoriar og målepunkt som i liten grad speglar korleis journalistikk faktisk blir produsert i dag.
Då oppstår det situasjonar der regelverket ikkje treffer – og der tekniske kriterium får større vekt enn faktisk innhald og funksjon.
Eit prinsipielt problem
Morgenbladet er ei viktig og kvalitetssterk avis.
Men spørsmålet er om det er rimeleg at to vekeaviser med tilsvarande ambisjon, breidde og rolle i allmenta får heilt ulike rammevilkår – på grunn av ei grense på 20 redaksjonelle årsverk.
Pressestøtta skal bidra til mangfald og konkurranse. Ho skal støtte medium som er alternativ til dei leiande aktørane i marknaden.
Når ho i staden bidreg til konkurransedreiing mellom to like aviser, er det eit teikn på at noko i regelverket ikkje fungerer.
Eit politisk ansvar
Dette er ikkje ein uløyseleg situasjon.
Utgreiinga peikar på at skeivskapen kan rettast opp med relativt enkle grep. Det handlar ikkje om å byggje om heile ordninga, men om å justere korleis redaksjonell kapasitet blir vurdert.
Til sjuande og sist er dette eit politisk ansvar.
Mangfald krev rettferd
Det norske mediemangfaldet er ein styrke. Men mangfald føreset òg at aktørane konkurrerer på rimelege vilkår.
Når regelverket gir systematiske skilnader mellom aviser som i praksis er like, svekkjer det både konkurransen og tilliten til ordninga.
Pressestøtta skal bidra til mangfald. Då må ho òg vere rettferdig.
Nylige artikler
Når pressestøtta skaper skeiv konkurranse
Både norsk og svensk politi ba om «Norge bak fasaden»-opptak
Ser kraftig økning i KI-innlegg: Altinget tar grep
Historisk PFU-nekt: Nå er saken sendt til Norsk Redaktørforening
– Første gang jeg har hørt så mange missilnedslag treffe Kyiv
Mest leste artikler
Skulle til USA-VM for Dagbladet: Fikk ikke visum
Filter Nyheter har kostet ham millioner – selv mener han at det har vært en god investering
Historisk PFU-nekt: Nå er saken sendt til Norsk Redaktørforening
Har fått 196 underskrifter til PFU-oppropet
Dagbladet-veteran gjør VM-comeback i Dagsavisen