Søker sommarvikarer i oktober
Er du på jakt etter sommarjobb i 2026 kan det vere for seint.
Sporten i VG har allereie søkt sommarvikarar. Her intervjuast Alexander Sørloth etter VM-kvalifiseringa.
Foto: Jonas B. Henriksen / NTB
Det er ikkje berre julebrusa som kjem tidlegare og tidlegare i butikkane, også utlysningar etter sommarvikarar har starta – for lengst.
Med søknadsfrist 26. oktober har sportsavdelinga i VG søkt etter fleire vikarar.
– Vi valde å satse tungt på redaksjonell dekning av det
komande verdsmeisterskapet i fotball allereie før Norge var klare, seier sportssjef i VG, Frode Buanes til Journalisten.
– Ettersom vi uansett snart skulle søke etter sommarvikarar,
var det naturleg å slå saman prosessane, ettersom ein del kandidatar
kan vere aktuelle for fleire roller.
– Riktig timing
Også Finansavisen og Dagens Næringsliv har søkt om vikarar i oktober.
– Vi
lyser ut sommarvikariat tidleg for å sikre oss dei beste kandidatane, seier Anders
Pedersen-Bjergaard, som er redaksjonssjef i Finansavisen.
Han meiner utlysninga gir mediehuset god tid til ei grundig og god rekruttering.
– Det kan kanskje verke tidleg, men vår historikk tyder på at det er
riktig timing, seier redaksjonssjef for nyhet i DN, Peder Ottosen.
– I DN er vi alltid på jakt etter
journalistiske talenter med spissa fagkompetanse. Da konkurrerer vi i same
marknad som store advokatkontor, konsulenthus og kommunikasjonsbyrå, og desse begynner rekrutteringa allereie ved
semesterstart.
Gode søkartal
Medieleiarane er ikkje uroa for at studentar tenker på heilt andre ting åtte-ni månader før sommarvikarperioden er i gong.
– Mange planlegger sommaren tidleg og følger aktivt med på relevante stillingar før jul, seier Pedersen-Bjergaard.
– Studentane vi er i dialog med har absolutt byrja å tenke
på sommarjobb i oktober, seier Ottosen.
Dei får støtte av Buanes i VG som peiker på at søknadsbunken viser at mange er førebudd.
– Talet på søkarar var omtrent som normalt, eller
kanskje eit hakk fleire ettersom vi hadde lengre vikariat utlyst også, seier han, men vil ikkje gå ut med konkrete tal.
I Finansavisen fekk dei 220 søkarar innan fristen 17. november.
Nylige artikler
Den importerte vreden: Hvordan Espen Teigen kopierer Tommy Robinson
– Hadde ikkje rustninga på
Tre veier for journalistikken når KI blir økosystemet
Klar når det smeller?
Moms er ikke moro. Men 2,5 milliarder er heller ingen spøk
Mest leste artikler
VM-sponsorplakat på NRK: – I grenseland for hva som kan aksepteres
TV 2s krimekspert dekker fotball-VM: – Ropte til sjefene
Kokainrotta og de dårlige hjelperne
Moms er ikke moro. Men 2,5 milliarder er heller ingen spøk
Sender hele ledelsen til USA under fotball-VM