Stavrum frå journalist til jurist
Denne artikkelen er over ti år gammel og kan derfor inneholde utdatert informasjon.
I Journalisten 19. november tek Gunnar Stavrum steget frå journalist til jurist.
Som god jurist innfører han skiljet mellom Rimi og eigar Stein Erik Hagen som «to juridiske personer». Dermed: Når Rimi betalar 28 millionar i skatt på eit utbytte (før skatt) på 100 millioner til Stein Erik Hagen, er det «misvisende» å føra opp i likninga at Hagen har betalt skatt på utbyttet. Meiner Stavrum.
Dette begrunnar han med at «Selv om man er aksjonær kan man ikke personlig ta ut all innmaten i et selskap. Man kan ikke bare ta ut midler, det er underslag».
Det har mildt sagt lite å gjera med saka. Det endrar ikkje det enkle forholdet at Hagen eig Rimi. (Inntil for kort tid sidan.)
Saka dreier seg om lovlege utbytte som blir tatt ut i samsvar med aksjelova. Det er derfor ei solid avsporing når Stavrum startar å skriva om underslag.
Kva om likningsstyresmaktene hadde bestemt at Hagen først skulle fått utbetalt 100 millionar kroner og så betalt 28 millionar i skatt. Ut frå Stavrums skille mellom «to juridiske personer», meiner han vel då at det er Hagen som har betalt skatten?
Under gjeldande skattreglar får Hagen utbetalt 72 millionar etter at skatten er betalt av selskapet. Kva er forskjellen frå Stavrums modell i kroner og øre for Hagen? Ingen. Kva er forskjellen for Rimi? Ingen.
Eg trudde garva journalistar var i stand til å sjå gjennom formalistisk jus. Etter å ha lese Stavrum må eg tru om att.