– Vi mister noko om vi gir opp avisteikninga

VGs politiske redaktør har trua på at satiriske teikningar har ei framtid, men vil ikkje ansette ny teiknar fast i avisa.

«Helt enig, Vedum. Oljestans bør ikke blandes inn i forhandlingene» skriv VG i ein leiar om krav frå MDG og SV.
Publisert
Lesetid: 2 min

Etter 40 år med ikoniske teikningar av politikk og nyheitsstoff, har VGs faste avisteiknar Roar Hagen trappa ned. No skal han berre teikne til laurdagsavisa.

Samtidig har VG engasjert ein ny politisk teiknar, 26 år gamle Halvor Hustveit Mjaugedal.

– Eg vart veldig overraska da eg såg at VG var ute etter ny teiknar. Det er ikkje flust av desse jobbane, seier han.

Mjaugedal er utdanna innan grafisk design og illustrasjon ved Kunsthøgskolen i Oslo, og har tidlegare arbeidd som frilansillustratør og skrive og illustrert barnebøker om kjende idrettsprofilar.

I 2023 fekk han Fritt Ords stipend for unge satireteiknarar.

– Eg har framleis trua på avisteikninga. Det er ei veldig sterk uttrykksform, seier politisk redaktør i VG, Frøy Gudbrandsen. 

Ikkje klar for å ta livet av avisteikninga

– Det er ein måte å vere maktkritisk på som er noko anna enn det ein får til med tekst. Så eg er ikkje klar for at den sjangeren berre skal svinne hen.

Ho seier fleire i mediehuset har vore einig med henne, noko som har gjort at avisa beslutta å finne ein ny teiknar, etter 40 år med Hagen. 

– Heldigvis. 

– Hadde det ikkje vore viktigare med ei ny stilling innan gravande journalistikk?

Politisk redaktør i VG, Frøy Gudbrandsen vil halde liv i avisteikninga, enn så lenge.

– Nei, eg meiner ei avis skal vere mykje forskjelleg. Eg har trua på den visuelle måten å formidle på. Og ein måte å formidle politikk, å pirke i det ubehagelege og vere kritisk, seier ho.

Gudbrandsen peiker på VG sin stolte tradisjon med satire og avisteikning.

– Eg trur vi mister noko maktkritisk om vi gir slepp på avisteikninga. 

Færre og færre avisteiknarar

Ei av dei første VG-teikningane til Mjaugedal er av Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum. 

Sjå Vedum reagere på teikninga i videoen.

Partileiaren har merka seg at det er færre medier som har avisteiknarar i dag. 

– Eg er veldig glad for at VG framleis tør å ha avisteiknar. Det er det færre som har. Derfor er det strålande at VG, som ein av dei største, held fram.

Vedum har god kjennskap til Hagen sine teikningar i VG over mange år. På godt og vondt:

– Han byrja å teikne meg med meir og meir mage. Det likte eg dårleg, ler Vedum.

På Facebook har Hagen lagt ut eit bilete saman med den nye avisteiknaren, frå Vandrehallen i Stortinget:

Må finne ei digital løysing

Trass i engasjementet frå politisk redaktør, samt støtte frå partileiaren, har ikkje VG tilsett Mjaugedal i ei fast stilling som politisk teiknar. 

– Det er ikkje noko hemmelegheit at vi har slitt med å få avisteikningar til å fungere digitalt. Derfor er det ein del av oppdraget, å eksperimentere og prøve å få det til å fungere. Finne nye måtar å bruke avisteikningar på, seier Gudbrandsen.

Ifølge henne har ingen norske medier knekt koda enda.

– Eg er overbevist om at det kjem til å fungere. Men vi veit ikkje.

Powered by Labrador CMS