Vi som kjente Amanda visste at ho hadde ein sjeldan kreftdiagnose. Men vi visste også at ho allereie i 2013 fekk høyre at ho berre hadde nokre månader igjen å leve.
Universet ville ha det til at den livsglade venninna og kollegaen vår hadde meir å gi. Det er eg glad for at vi fekk oppleve. Desto meir brutalt er det at Amanda ikkje lenger er blant oss.
Den da 19 år gamle Amanda valde å fotografere seg sjølv da ho vart innlagt på Radiumhospitalet. Frå sjukesenga blogga ho om opplevingane med uhelbredeleg kreft i bukhinnen, om spredning og cellegift, om at berre ti personar har blitt behandla for denne krefttypen, og om å ville leve.
Mange las bloggen til Amanda. Dei kloka orda spreidde seg til fleire medium, og ho stilte opp, både da og seinare, i Østlandets Blad, Dagbladet Magasinet, NRK P3, TV 2, KK og BT.
Ho brukte historia si for også å kjempe for andre i same situasjon. På denne måten levde Amanda ut det vi i journalistikken er avhengig av – at menneske er modige nok til å dele sjølv det mest sårbare og intime, for å sette viktige spørsmål på dagsorden.
Kreativ, engasjert, fnisete, optimistisk, uhøgtideleg og livsglad er ord som beskriv AmandaFoto: Marte Vike Arnesen
Amanda brukte mykje av sitt liv på å engasjere seg for andre. I miljøbevegelsen, der ho blant anna fotograferte og lagde innhald for Natur og Ungdom. Og seinare i Norsk Journalistlag i Oslo (NJ Oslo) og NJ Frilans, der ho hadde fleire verv. Her brukte ho tid og energi på å kjempe for sine journalistkollegaer, trass i at heller ikkje ho kunne slenge beina på bordet i ein trygg, fast jobb.
Hjertet til Amanda banka for fotografiet i journalistikken. Ho studerte foto og fotojournalistikk på Sund Folkehøgskole og OsloMet. Sjølv om det har blitt tøffare å leve av å vere pressefotograf, var det dette ho ville.
Amanda engasjerte seg i debatten om ytringsfridom for journalistar opp mot den journalistiske nøytraliteten. Dette resulterte i ein debatt på Pressens hus med mange hundre deltakarar, fleire innlegg i bransjemediene og debatt på Norsk Journalistlag sitt landsmøte.
Ho var også den som slo i bordet med organisasjonen sine retningslinjer for klima og miljø når NJ Oslo skulle på styreseminar til ei søsterforeining i utlandet. Ho foreslo til og med å betale privat når prisen på togreiser viste seg å overskride budsjettet mot flyreiser.
Fotojournalisten hadde fleire planar for framtida. Heilt fram til nokre veker før ho døde tok ho studier i arabisk, fordi ho drømte om å reise til Midtausten og fotografere og dokumentere lidingane som krig fører med seg.
Alt dette, og mykje meir, gjorde Amanda samtidig som ho levde med trusselen frå ein skummel sjukdom. At livet hennar kunne bli kortare enn mange andre sitt var likevel aldri eit tema. Ho var aldri bitter.
Derimot kjente vi ho som den kreative, engasjerte, fnisete, optimistiske, uhøgtidelege og livglade jenta. Du var kanskje sein ute av og til, men det var fordi du hadde så mykje du skulle gjere og så mange du skulle møte. Som dei gongane du kom rett frå snowboard-bakken til styremøte.
Overalt kor eg går møter eg folk som kjente deg. I medie-Norge og organisasjonslivet. Enten dei traff deg på jobb, ute i felt, i eit demonstrasjonstog eller på fest, så har alle den same historia om deg; du såg alltid folka rundt deg.
Du minte oss også på kvifor vi dreiv med journalistikk. At samfunnsoppdraget ikkje handlar om klikk eller mest mogleg tabloid overskrift, men om å gi ei stemme til folk som ellers ikkje blir høyrt.
Dette er eg og vi evig takknemlege for.
Vi tek med oss din livsfilosofi og inspirasjon vidare. Samtidig tek vi del i sorgen til familie, vener og kollegaer som kjente deg.
Kvil i fred.
På vegne av vener i journalistikken, Espen Moe Breivik, leiar i NJ Oslo.
Nylige artikler
Vi har mista vår unike og rause venn og kollega
Derfor fjernet NRK intervjuet med barna
Derfor sier journalister: «Aldri mer graving»
Selbekk reagerer på manglende Israel-annonse: – Ytringsfrihetens fiender
Har en rettssak NJ tapte, bidratt til at iNyheter får pressestøtte?
Mest leste artikler
Lungelegen om Mette-Marit-pressemøte: – Ble tilpasset når jeg hadde tid
– Jeg kommer ikke til å savne det han har gjort for å ødelegge sannhet og anstendighet i media
Vårt Land sa nei til MIFF-annonse: – Der går det en grense
Omlegging i NRK: Fire av fem fikk førstevalget
Vi har mista vår unike og rause venn og kollega