Då bomba gjekk av i regjeringskvartalet 22. juli 2011, var Anna Rydland Nærum 22 år gammal og hadde akkurat byrja i sin første journalistjobb i eit vikariat i P4.
Radiokanalen heldt til i Akersgata, like ved kvartalet. Da det smalt var Nærum på toalettet, og trudde det var kontoret som hadde eksplodert.
Kor tid seinare vart ho sendt ut saman med ein kollega.
– Eg hugsar veldig godt lyden av å trakke på bygningsrestar og glas. Det var eit stille kaos, fortel ho i Journalistens podkast.
Då nødetatane kom til regjeringskvartalet, var dei like uvitande som journalistane.
– Politiet spurde oss: «Kva er det som har skjedd?» Og eg tenkte: Er det ikkje de som skal fortelje oss kva som har skjedd?
Sommarvikaren jobba vidare gjennom terrorhelga. Under rosetoget hadde ho si aller første direktesending på lufta. Ho dekka også deler av rettssaka.
På eit tidspunkt fekk ho spørsmål om ho trong nokon å snakke med, men takka nei.
– Eg tenkte: «Eg skal vere journalist, og journalistar gjer sånne ting. Dette toler eg». Eg ville vere tøff. Det gjorde at eg sperra alt dette ute og gjekk vidare i livet, seier ho.
Annonse
Først fleire år seinare kom dei kraftige reaksjonane. Ein kveld sat ho heime og såg ein TV-serie med eit krigsområde.
Plutseleg braut ho saman.
– Eg hylgrein og hyperventilerte.
– Dagen etter var eg hos psykolog for første gong, fortel ho.
Der fekk ho PTSD-diagnosen.
PTSD, skam og lærdom
Anna var redd for å ta buss, reagerte kraftig på helikopterlydar og sat fleire gonger og gret på toalettet på jobb.
Likevel fortalde ho det aldri til sjefar eller kollegaer.
– Eg tenkte at dersom eg fortalde at eg hadde PTSD, kunne eg aldri jobbe med det eg ville igjen, seier Nærum.
Ho kjende også på skam.
– Det var så mange menneske som hadde mista familie og vener. Og så skulle eg gå rundt og ha PTSD «berre» fordi eg hadde vore på jobb, seier ho.
I dag er dei fleste PTSD-symptoma er borte, og Nærum har hatt ei solid karriere i journalistikken, både i P4, TV 2, NRK og VG. Men dersom ho kunne gitt eit råd til den 22 år gamle sommervikaren, er svaret klart.
Annonse
– Eg skulle forstått tidlegare at eg trong hjelp, og sagt frå til sjefane mine. Eg skulle vore mindre oppteken av å vere tøff og sterk heile tida, seier ho.
Høyr heile historia til Anna i Journalistens podkast.
Utanfor VG-huset står framleis eit knust glasmonter med avisa frå 2011. Her møter Anna NJ-rådgivar Trond Idås.Foto: Espen Moe Breivik
– Ei typisk historie
I podkasten møter Anna NJ-rådgivar Trond Idås, som har forska på korleis det gjekk med dei mange uerfarne sommarvikarane som dekka 22. juli.
Han beskriv historia til Anna som ei typisk historie, fortel om «matchokulturen» i mediene og kva vi kan lære av dekninga frå 2011.
Idås er også ekspert på journalistsikkerheit, og deler råd til journalistar som skal rykke, anten det er dei store og alvorlege krisene, eller mindre ulykker i kvardagen.
Høyr heile historia til Nærum, og råda til Idås i Journalistens podkast:
Nylige artikler
Anna sprang mot bomba i 2011, éin ting angrar ho på
Politiet reagerte på journalister under brannen: – Noe vi ser alvorlig på
Søkte hundrevis av jobbar – no er ho nærmast ein lokalkjendis
– Her skjedde ein glipp
Hvor mange ganger må dere vise ansiktet til Infantino, NRK?
Mest leste artikler
Politiet reagerte på journalister under brannen: – Noe vi ser alvorlig på
Tønsbergs Blad sletter video: – Rett og slett lavmål
Hvor mange ganger må dere vise ansiktet til Infantino, NRK?
Nødetatane i mediene: Vil bort frå peikefinger
Søkte hundrevis av jobbar – no er ho nærmast ein lokalkjendis