Ansvarlig redaktør i Avisa Valdres, Hilde Lysengen Havro.
Foto: Marte Vike Arnesen
Papiravis
Avisa Valdres kuttar i papirutgåver
– Inga enkel avgjerd, seier ansvarleg redaktør Hilde Lysengen Havro.
Avisa Valdres går frå tre til to papiraviser, det fortel ansvarleg redaktør i avisa, Hilde Lysengen Havro i ei pressemelding.
Frå og med 2. juli vil «Valdres» koma ut i to papirutgåver og e-avis per veke, frå same dato vil avisa òg bli levert med Posten.
– Det har ikkje vore ei enkel avgjerd for oss. Vi veit at mange er glade i papiravisa, seier Havro i pressemeldinga.
Endringa skjer som ein fylgje av at abonnentane stadig har vorte meir digitale. I tillegg har prisane for trykk og distribusjon av papiravisa auka kraftig dei seinare åra.
55 prosent av abonnentane til avisa er no heildigitale, og mange av dei som har komplettabonnement les òg avisa digitalt, fortel Havro.
Samtidig har talet på abonnentar med papiravis vore synkande i mange år. Dei siste åra har dei hatt ein nedgang på rundt 10 prosent i papiropplaget kvart år.
– Verda endrar seg, abonnentane endrar seg, og då må vi òg endre oss. Avisa Valdres gjer det no som mange lokalaviser har gjort eller er i ferd med å gjera, tilpasse seg til kostnadsbilete, skriv Havro i pressemeldinga.
Ho held fram:
– Kostnadsauken dei siste åra har kome samtidig med at annonseinntektene på papir har svekt seg. Denne utviklinga har råka mediebransjen generelt dei seinare åra, og avisa Valdres er ikkje noko unntak.
– Då kjem ein til eit punkt der det blir eit spørsmål om å kutte i redaksjonelt innhald eller kutte i talet på papiraviser. Vi meiner det er viktigare å sikre og styrke ein lokal og uavhengig journalistikk.
Nylige artikler
VG gikk i dialog med politiet etter for tidlig publisering
– Tilgangen til OpenAI har vært nyttig
17 kjappe
Se og Hør-sjefen: – Et helt vanvittig medietrykk
Langer ut mot Dagbladets satser: – De burde skamme seg
Mest leste artikler
VG etter dødsbudskap: – Her burde vi ha ventet
Langer ut mot Dagbladets satser: – De burde skamme seg
Watch Media har tapt over 100 millioner på fem år
Marianne har drevet tre lokalaviser helt alene i 18 år – nå er det slutt
Uflaks med laks – men hell i kjærlighet: Schibsted og den svenske annonsaffären