Latteren til «moderen» er sjølve varemerket i «Skitbyen», ein slags feelgood om Hafsmo sin eigen familie. Som trass i å bu i kommunal bustad, eit liv under fattigdomsgrensa og historier om fysisk og psykisk vald - er full av humor, humør og optimisme.
Hafsmo og NRK vant i 2023 den gjeve prisen «Best European Audio Documentary Series of the Year» i Prix Europa.
Sesong to ikkje sjølvsagt
Første episode i den nye sesongen har fått namnet «Årets trønder». For dette var resultatet etter podkastsuksessen – no fekk moderen ein del forespørslar og merksemd ho aldri hadde fått før.
Det var her Hafsmo skjønte at det låg innhald til ein ny sesong.
– Vi blir med når moderen møter heilt andre segment av befolkninga. Nav-sjefar, informasjonskonsulentar og kommunetoppar. To vidt forskjellege verkelegheiter, seier han.
Som under prisgallaen i Olavshallen, eller da moderen blir spurt om å stille på ei konferanse for kommune-Norge. Latteren sit laust da ho skjønar at ho kan få 15.000 kroner for å svare på spørsmål i 20 minutter.
– Eg har blitt ein slags manager for moderen no. Men ho stiller ikkje på så mykje.
Berit er blakk, ufør, truga med å bli kasta ut – og ukueleg optimist.Skjermdump: NRK Radio
Dei har blant anna sagt nei til å stille i Debatten, Kvelden før kvelden og ei livesending frå den kommunale leiligheita. Ho vil heller ikkje la seg intervjue av Journalisten.
– Men for tannlegen som hjalp mamma med nye tenner stilte ho i lokalavisa, seier Hafsmo.
Annonse
Motvillig hovudperson
«Skitbyen» har fått mykje positiv omtale, men det er ikkje alle tilbakemeldingar podkastskaparen har likt å høyre, fortel han under Trondheim Dokumentarfestival.
– Nokon har sagt at det ikkje er moderen som er hovudpersonen, men meg. Det irriterer meg, ler Hafsmo.
Men denne gongen har han slått seg til ro med at han sjølv tek plass i forteljinga.
– Når mor er så sjarmerande som ho er må nokon inn og fortelje om barndom og fattigdom.
Hafsmo seier at han ikkje har problem med personlege dokumentarprosjekt, men at det kan vere ein krevande sjanger.
– Eg kan kjenne på ei eiga pinlegheit over det å lage dokumentar om eigen familie, fordi det er gjort så mykje.
Trass i ein utfordrande sjanger, har «Skitbyen» vore ein stor suksess. På spørsmål om kva podkasten har gjort riktig, svarer Hafsmo;
– Våre traumer er nok ferdig bearbeida, det meiner eg er ein fordel når ein går i gong med ei personleg fortelling. Nokre prøvar å dokumentere eigen prosessar eller at ein skal finne seg sjølv, det trur eg er vanskeleg å få til på ein bra måte.
Å velje musikk til eige «traume»
I forrige sesong følgjer vi moderen sin kamp for å behalde den kommunale leiligheita. I denne sesongen zoomar vi meir ut, og blir betre kjent med familien og oppveksten. Blant anna om tida der mor og 10 år gamle Ole Martin er på rømmen saman.
Podkaster Ole Martin Hafsmo delte smakebitar frå «Skitbyen 2» på Trondheim Dokumentarfestival.Foto: Espen Moe Breivik
Det handlar framleis om klasseskilje, og å høyre frå eit segment av befolkninga som ikkje så ofte får ordet i mediene. Eller blir framstilt på ein viss måte.
Det er Hafsmo sjølv som skriv manus, har voice, klipper og samarbeider med lyddesigner. Han forklarar at det tek lang tid å arbeide med stoff om seg sjølv og eigen familie.
– Ein blir for eksempel veldig bevisst på betoning i voicen og val av musikk.
Podkastskaperen har også gjort ei interessant oppdaging når sin eigen familie er intervjuobjekta.
– Når du intervjuer nokon må du som regel halde kjeft, og når ein gjer det med eigen familie, så lærer ein heilt sjukt fantastiske ting, seier han.
NRK skal etter planen publisere den nye sesongen 13. desember.